Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

 

UTSETT. Aktivitetsleiarkurs barneidrett - Blaksæter (Stryn)

Sted: Nordsida skule
Start: 17.04.2020 17:30 Slutt: 18.04.2020 17:30

Oppdatert 27.3.20: Med bakgrunn i korona-situasjonen er det avgjort å utsetje kurset til hausten 2020. Ny dato vert publisert når den er klar.

Tid og stad:
Nordsida skule, 6795 Blaksæter
Fredag 17. april kl. 17.30 - 21.00
Laurdag 18. april kl. 9.00 - 17.30
 
Målgruppe:
Trenar/aktivitetsleiar for barn i alderen 5-12 år, eller aktivitetsleiarar i barnehage, skulefritidsordning eller skule. Kursdeltakar må vere fylt 14 år det året ein tek kurset.
 
Innhald:
Kurset inneheld både teori og praksis i følgande emner: Idrettens verdigrunnlag, barns læring og utvikling, aktivitetsleiarrolla, samt planlegging, gjennomføring og evaluering av økt.
 
Mål:
Etter gjennomført kurs skal ein kunne leggje til rette og leie aktivitet for barn, slik at barna opplever glede, tryggleik og meistring i idrettsaktiviteten for aldersgruppa opp til 12 år.
 
E-læring:
E-læringa Barneidrettens verdigrunnlag må gjennomførast før kursstart (ca 2 timar). Link: ekurs.nif.no. Logg inn eller opprett ny brukar. Gå til trenarløypa og velg «Barneidrettens verdigrunnlag» i nedtrekksmenyen. 
 
Timetal: Totalt 14 timar (12t med kurslærar + 2t e-læring)
  
Kurslærar: Synne Aafedt Liljedahl
 
Påmeldingsinformasjon er fjerna pga. utsetjing av kurset. 
 
Praktisk info:
Deltakar må ta med matpakke og drikke sjølv, samt skrivesaker. Deltakar må ha med treningskle/sko til innandørs bruk begge dagar.
 
Kursavgift:
Kr. 750 per deltakar. Ved 5 eller fleire deltakarar frå same idrettslag er prisen kr. 600,- per deltakar. Kursavgifta inkluderer boka Barneidrettstrenaren. Kursavgifta vert fakturert i etterkant.
 
Her er link til invitasjon i pdf
 
Kontaktperson:
Vestland idrettskrets v/Bodil Ryste, tlf.: 975 18 349. Epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no