Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kva er eit idrettsråd

Idrettsråda består av alle idrettslaga i kommunen som er medlemar av NIF. Alle kommunar med fleire enn tre idrettslag skal ifølge NIF sitt lovverk ha eit idrettsråd.

Idrettsrådet er eit fellesorgan for idretten i den enkelte kommune, organisert i NIF gjennom idrettskretsane og underlagt NIF sine lover og vedtekter.
Idrettslag med medlemskap i NIF blir automatisk medlem i idrettsrådet i sin kommune.
 
Det er idrettsråd i nesten alle kommunar (frå 1.1.20 var det 43 kommunar i Vestland fylke, og 356 i heile landet).
 
Der det ikkje er idrettsråd har anten idrettskretsen eller eit stort idrettslag - gjerne fleiridrettslag – ansvaret for kontakt og samarbeid med kommunane. Idrettskretsane har service- og støtteoppgåver ovanfor idrettsråda og skal sørgje for at det opprettast idrettsråd i alle kommunar. Idrettskretsane godkjenner også idrettsråda si lovnorm.
 
Arbeidsområder:
 
Idrettsrådet skal arbeide for best moglege forhold for idretten i kommunen. Idrettsrådet skal vere ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og dei kommunale myndigheiter og mellom laga og idrettskretsen. Blant idrettsrådet sine oppgåver er å formidle idrettslaga sine anleggsbehov til kommunale myndigheiter, og å fordele tilskota til "Lokale aktivitetsmidlar" (LAM).
 
I lovnorm for idrettsråd står det at idrettsrådet skal:

- arbeide for at idretten kan spele ei viktigare rolle og få betre rammevilkår i lokalsamfunnet
- gjere prioriteringar på vegner av idrettslaga
- dokumentere og synleggjere omfanget av idretten i lokalsamfunnet og utvikle lokale idrettspolitiske handlingsprogram, og
- vere ein møteplass og utviklingsarena i skjeringspunktet mellom offentleg og frivillig virke.
 
Vidare skal idrettsrådet vere eit idrettspolitisk organisasjonsledd med oppgåver primært på lokalt nivå. Alle saker som er av felles interesse for idretten, skal sendast til kommunen gjennom idrettsrådet.