I område tidlegare Sogn og Fjordane gjeld følgande ordningar for potensielle toppidrettsutøvarar:
1. Spissa ordning. Alle tre årssteg i desse idrettane:
- Fotball ved Sogndal VGS
- Volleyball ved Hafstad VGS
Det er inntil fem plassar pr. idrett pr. trinn. Det er ein føresetnad for full deltaking i det spissa idrettstilbodet at du søkjer utdanningsprogramma Idrettsfag eller Studiespesialisering.
Nytt frå 2020 er at det er Olympiatoppen Vest som basert på vurdering frå særkrets/region vurderer og gjer formelt vedtak om kven som kan definerast som potensielle toppidrettsutøvarar. Ein må leggje ved skriftleg dokumentasjon frå særkrets/klubb som grunnlag for denne vurderinga. Etter at Olympiatoppen Vest har handsama og prioritert søkjarane vil dei få melding om resultatet av handsaminga frå Vestland fylkeskommune. Denne meldinga er ikkje svar på Vigo-søknaden om skuleplass. Dersom du får plass i inntaket, og i tillegg vert definert som potensiell toppidrettsutøvar av Olympiatoppen Vest, vil du få tilbod frå skulen der du har søkt om å delta i ordninga. Inntekne til andre utdanningsprogram kan etter avtale med skulen ta del i tilbodet dersom det ikkje medfører auka kostnader.
Søknad:
2. Potensielle toppidrettsutøvarar
Denne ordninga gjeld idrettar som ikkje er omfatta av «Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring for potensielle toppidrettsutøvarar». Nytt frå 2020 er at det er Olympiatoppen Vest som basert på vurdering frå særkrets/region vurderer og gjer formelt vedtak om kven som kan definerast som potensielle toppidrettsutøvarar. Følgjande skriftleg dokumentasjon er nødvendig:
- Dokumentasjon frå særkrets/klubb om at du har potensiale og resultat som viser at du kjem inn under definisjonen potensiell toppidrettsutøvar
- Stadfesting på at skulen kan leggje til rette på det programområdet du har søkt på
Etter at Olympiatoppen Vest har handsama og prioritert søkjarane vil du få melding om resultatet. Denne meldinga er ikkje svar på søknad om skuleplass. Dersom du får plass i inntaket, og i tillegg vert definert som potensiell toppidrettsutøvar av Olympiatoppen Vest, vil du få tilbod frå skulen der du har søkt om å delta i ordninga.
Søknad: