Frå Treningssamling for ungdom på Idrettens Møteplass på Sandane i 2019.
Frå Treningssamling for ungdom på Idrettens Møteplass på Sandane i 2019.

Treningssamling for ungdom 12-19 år

Er du mellom 12 og 19 år og har lyst til å delta på ein dag med basistrening saman med aktive utøvarar frå andre idrettar? Då må du bli med på treningssamling på Idrettens Møteplass!

Treningssamlinga har i åra 2017 - 2022 blitt arrangert årleg i samband med Idrettens Møteplass. 

Målgruppe:
Ungdom 12 - 19 år (f. 2010 - 2003) år som er med i ein eller fleire idrettar, som har lyst til å delta på ein dag med trening av basisferdigheiter som til dømes koordinasjon, styrke og spenst. Målet er at ein møter og blir kjent med andre ungdommar som driv med andre idrettar, å prøve ut og lære trening/øvingar som er nyttige uansett kva idrett du driv med og kva nivå du er på, og ikkje minst at du får ein kjekk, sosial og inspirerande idrettsdag. 

Det er sjølvsagt høve til å ha med føresette, eller om det er trenarar som ønsker å observere øktene. 

Gruppeinndeling etter alder. 

Rammeprogram 2022, base Trivselshallen/Firdahallen, Sandane:

  • Kl. 09.30 - 10.00: Oppmøte/registrering ved inngang Trivselshallen (følg lenke for å kome til kart, hallen er der merka Firdahallen). Det brukar å vere god plass på parkering ved idrettshallen. 
  • Kl. 10.00 - 11.30: Treningsøkt (basis v/ Magnus og turnrelatert v/Roy Cato og Muriel)
  • Kl. 11.45 - 12.30: Varm lunsj / pause (kantina, Trivselshagen)
  • Kl. 12.30 - 13.15: Sosial aktivitet ved idrettskretsen sitt ungdomsutval (Magnus H. Hartwig og Jeanette Heggen)
  • Kl. 13.30 - 15.30: Treningsøkt 2 (basisøkt 2 v/Magnus og turnrelatert økt 2 v/Roy Cato og Muriel)
  • Kl. 15.30 Energipåfyll og avslutning, kantina Trivselshagen

Trenarar:

  • Magnus Hesjedal Hartwig. Magnus har bakgrunn som aktiv utøvar i alpint og er no hovudtrenar i Fana IL Alpin. Magnus er òg ein del av ungdomsutvalet i Vestland idrettskrets, og vil bidra både med treningsøkter og sosial/bli kjent-aktivitet i pausen 
  • Sandane Turn og Idrettslag, turngruppa ved Roy Cato og Muriel Evebø. Roy Cato og Muriel vil ha økter med "turn for ikkje-turnarar". Kanskje blir ungdommane inspirert til å nytte turnøvingar som basis i vidare trening? 

Praktiske opplysningar:

  • Treninga foregår innandørs i hall, så ta med kle og sko som passar til formålet. 
  • Det er to lengre økter med ein pause mellom, så ta med skiftekle/tørre kle etter behov. Det er høve til å bruke dusj og garderober i idrettshallen. 
  • Alle får gratis varm lunsj, samt frukt/smoothie på slutten av dagen. Ta evt med ekstra matpakke og drikke etter behov. Du opplyser i påmeldingsskjemaet om du har allergiar som vi må ta omsyn til. 
  • Det vert ikkje opna for at yngre utøvarar kan delta