Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Grenselaus idrettsdag

IMG_20191102_122115.jpg

Grenselaus idrettsdag er ein aktivitetsdag for barn, unge og vaksne med funksjonsnedsetjing, der ein kan prøve ulike idrettar. Grenselaus idrettsdag arrangert i Førdehuset 2. november 2019.

Grenselaus idrettsdag samla totalt 49 barn, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsetjingar. Nytt av året var at ein kombinerte aktivitetsdagen med ei Gullserierunde (tilrettelagt handball), der også deltakarar frå Grenselaus idrettsdag kunne prøve å spele kamp. I tillegg fekk deltakarane som ønskte det prøve seg i symjehallen. 

Idrettskrinsen har eit svært godt samarbeid med elevar og lærar frå idrettslinja ved Flora vidaregåande skule, som stiller som instruktørar på oppvarming, tek i mot deltakarane, deler ut deltakarpremiar, og følgjer og motiverer deltakarane til å prøvde dei ulike aktivitetane. Idrettselevane får besøk av idrettskrinsen på førehand, med ei undervisning om idrett for menneske med funksjonsnedsetjingar. 

Frå idrettslaga stilte Sunnfjord Golfklubb, Sunnfjord Taekwondoklubb, Førde IL symjing, og så kunne ein prøve handball i regi av NHF region vest  og fotball i regi av NFF Sogn og Fjordane. Det var også høve til å prøve bowling. 

IMG_20191102_115337.jpgIMG_20191102_131814.jpgIMG_20191102_143035.jpg

Idrettskrinsen takkar paraidrettskonsulent Thea Christiansen, Ruth Sølvi Helland frå Flora vgs, Tove Vindenes frå NHF region vest, Henrik Furebotn frå NFF Sogn og Fjordane, og idrettslaga for samarbeidet. Vi takkar òg Sogn og Fjordane fylkeskommune for støtte til gjennomføring av arrangementet.