Korleis skal du som trenar/leiar forholde deg til mobbing? Korleis ta tak i ein mobbesituasjon?
Kva er mobbing?
Mobbing er ei negativ handling frå ein eller fleire, retta mot ein annan. Denne negative handlinga blir gjenteken, går føre seg over tid, og kan på denne måten bli ei systematisk krenking. Det er den som vert mobba som har rett til å definere om ein har blitt utsett for ei krenking, og det er trenarar og leiarar sitt ansvar å ta denne opplevinga på alvor.
Norges idrettsforbund har laga råd og tips på korleis du som trenar eller leiar skal forholde deg til mobbing og korleis du skal ta tak i ein mobbesituasjon.
Idretten skal ha nulltoleranse for mobbing. Det betyr at du som trenar/leiar skal reagere med ein gong du ser eller får vite om mobbing. Du har også eit ansvar for at mobbing ikkje skjer i laget/klubben/gruppa di utan at du merkar det.
Det følgjande er ein rådgjevande mal for korleis du kan ta opp konkrete tilfelle av mobbing i laget/klubben. Den er ein forenkla versjon av mal for rektorar og tilsette i grunnskulen, henta frå Utdanningsdirektoratet sitt hefte ”Arbeid mot mobbing”.
Fysisk mobbing gjennom til dømes å slå, sparke, lugge, spytte, dytte eller øydeleggje eigendelar til den som blir mobba
Verbal mobbing gjennom til dømes å seie nedlatande eller krenkjande ting om offeret, true, spreie usanne rykte, eller bruke krenkjande og grove ord
Psykisk mobbing gjennom til dømes ryktespreiing, manipulering og utestenging.
Telefon- eller teknologimobbing gjennom til dømes krenkjande eller truande tekstmeldingar eller kommentarar på internett, ryktespreiing via internett, spreiing av private eller intime bilete
”Kåre seier at han ikkje fekk delta” (NDLA)
Ei oppgåve henta frå NDLA sine elektroniske læremiddel for vidaregåande skule. Oppgåva inneheld eit scenario frå skulefritidsordninga, men kunne like gjerne vore henta frå eit idrettslag.
http://ndla.no/nn/node/74402
”Mobbing med mobiltelefon” (NDLA/NRK)
Meir enn kvar fjerde 15-åring er redd for å bli fotografert i dusj, garderobe eller liknande. Denne filmen frå NRK på ca 6 minutt med tilhøyrande oppgåver utarbeidd av NDLA er eit godt utgangspunkt for refleksjon rundt liknande mobbesituasjonar i idrettslag.
http://ndla.no/nn/node/8130
”I gutegarderoben” (NDLA)
Oppgåve frå NDLA sine elektroniske læremiddel for barne- og ungdomsarbeidarfag i vidaregåande skule. Oppgåva gjeld mobbing med mobiltelefon i garderobe og kan lett overførast til situasjonen i eit idrettslag.
http://ndla.no/nn/node/77741
NDLA: Kva er mobbing?
Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er eit nettbasert læremiddel for vidaregåande skule. Her er ein kortfatta fagartikkel om mobbing og lekkje til http://ndla.no/nn/node/23857
Utdanningsdirektoratet: Rettleiar for tilsette og leiarar i grunnskulen
Utdanningsdirektoratet har laga ein eigen rettleiar for tilsette og leiarar i grunnskulen for å hjelpe dei i arbeidet mot mobbing. Rettleiaren er kort og konsis, og til god hjelp også for deg som trenar eller leiar i idretten.
http://www.udir.no/Laringsmiljo/Arbeid-mot-mobbing/
Ung.no om mobbing
Ung.no er det offentlege sin informasjonskanal for ungdom, og redaksjonen ligg i Barne- ungdoms- og familiedirektoratet. På desse sidene er det mange artiklar for ungdom om mobbing, både faktaartiklar, tips og råd, og høve til å kome med eigne spørsmål til redaksjonen.
http://www.ung.no/mobbing/
Barneombudet om mobbing
Faktaside tilpassa barn og ungdom.
http://barneombudet.no/?s=mobbing
Faktaside frå Foreldreutvalet for grunnskulen.
Tilpassa foreldre. http://www.fug.no/mobbing.141889.no.html