Ekstraløyving frå Vestland fylkeskommune 2022 og 2023

Vestland fylkeskommune har gjort vedtak om å løyve totalt 5 millionar kroner til idretten i Vestland for å styrke arbeidet med å gjenopprette aktivitet i den organisert idretten. No kan idrettslag tilslutta Vestland idrettskrets søke om støtte.

Det er den organiserte idretten som vert løfta fram i denne ordninga, og den daglege aktiviteten i idrettslaga lokalt. Aktiviteten skal understøttast og vere med på å styrke idrettslaga si rolle i lokalsamfunna slik at det kan stimulere til vidare rekruttering og utvikling.

Tildelinga har to overordna målsetnader:

  • Styrke idrettslaga si rolle og funksjon i lokalsamfunnet.
  • Stimulere frivilligheita og aktivitetstilboda i idrettslaga i heile fylket.

Følgjande kriterium er av fylkeskommunen vedtatt å ligge til grunn for ordninga: 

Prioriterte område:

  • Styrke den organiserte idrettsaktiviteten for barn, ungdom og unge vaksne, gjennom:
    • Styrke og vidareutvikle eksisterande tilbod.
    • Støtte til utvikling av nye aktivitetar eller gjenopptak av aktivitet som har "lagt nede".
    • Tiltak som får med fleire nye eller at fleire blir med lenger (hindre fråfall).
    • Tiltak som reduserer kostnad for den som skal delta, som gjer at fleire kan vere med.
  • Styrke den frivillige innsatsen i idrettslaga, gjennom: 
    • Tiltak som kan rekruttere fleire til ulike verv, til dømes trenarar, dommarar, leiarar og andre tillitsvalde - samt alle som er med på å støtte opp om og legge til rette for organisert idrettsaktivitet.
    • Tiltak som gjer det lettare å delta som frivillig.

Andre prioriteringar og avgrensingar:

  • Tiltak som gir ein langvarig effekt på overordna målsetnad vert prioritert.
  • Tiltaket må vere i tråd med Norges idrettsforbund sin visjon og verdigrunnlag.
  • Anlegg og utstyr som inngår i spelemiddelordningane vil ikkje få støtte (nærmiljøanlegg, ordinære idrettsanlegg og spelemidlar til utstyr).
  • Alle idrettslag i Vestland tilslutta Norges idrettsforbund kan søke. Særidrettsgrupper i fleiridrettslag må avklare sin søknad med hovudstyret i idrettslaget.
  • Øvre tildelingssum kr. 50 000 per idrettslag eller gruppe i idrettslaget.

Praktiske opplysningar:

  • Løyvinga er meint å kunne tildelast både i 2022 og 2023, og har difor to søknadsfristar: 15. november 2022 og 15. mars 2023.
  • Søknad skjer i eige skjema, og alle vil motta stadfesting på innsendt søknad. 
  • Vi reknar 4-6 veker i tid til handsaming av søknadane
  • Rapportering må skje seinast 1 år etter tildeling
Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag

Grethe Hillestad
Grethe Hillestad
Rådgiver