Foto: NiH
Foto: NiH

Kashafali: – Det mest slitsame er kampen for like moglegheiter

Stadig færre blinde og svaksynte driv idrett både på topp- og breiddenivå. Salum Kashafali håpar å vise at alt er mogleg ved å konkurrere i Paralympics og OL i Paris.

Alt endra seg omtrent over natta for Salum Kashafali. Som 23-åring vakna han og skulle lage seg frukost. Da han opna kjøleskåpet såg han plutseleg ingenting.

– Det var berre masse farger. Heilt "blurry".

Ville ikkje la seg stoppe

Han la seg igjen og håpa han berre var svimmel og sliten etter ein lang gårsdag med skule og trening.

Det skulle vise seg at han aldri skulle få tilbake opprinneleg syn.

  • Alder: 29 år
  • Spesialist på 100 meter.
  • Kom til Norge som flyktning frå Konge i 2003.
  • Har den medfødde augesjukdomen Stargardts.
  • Gull i Paralympics i 2021.
  • Personleg rekord: 10,43 på 100 meter.

– Eg var ganske langt nede, men etter kvart var det augeblikk da eg tenkte: "Det er ikkje min feil at eg havna i denne situasjonen. Det er ikkje noko eg kan gjere for å forandre det, sånn er realiteten. Men eg kan ikkje bremse livet på grunn av det. Eg må komme meg på beina, fortel han i NIH-podden.

Høyr NIH-podden over eller der du høyrer podkast.

Vann gull i Tokyo

Det har han til dei grader også gjort. I 2021 satte Kashafali verdensrekord da han tok gull i Paralympics i Tokyo. Han har blitt noko så sjeldan som ein svaksynt idrettsstjerne og ein av våre mest kjente para-utøvarar.

Men til trass for gode forbilde som 29-åringen frå Bergen blir det stadig færre svaksynte og blinde i idretten.

– Det er trist. Utruleg kjedeleg å høyre om nedgangen, seier han.

Norges blindeforbund har merka nedgangen i fleire år. Mange eldre som var aktive i mange år har gitt seg i idretten, og dei har slitt med å rekruttere nye. 

Derfor blei Adrian Lindgren i fjor tilsett i ei nyoppretta stilling i for å snu den negative trenden.

– Det var vanleg å vere 40-50 aktive for eksempel på friidrettsbanen og me var ein av dei største undergruppene innan paraidrett. Mens nå er det veldig få som driver idrett, seier Lindgren. 

Gruar seg til kroppsøving

Han har fått høyre mange vonde historier i sitt fyrste år i Blindeforbundet. Frå foreldre og unge sjølv som har opplevd å ikkje bli inkludert i aktivitet både på skule og i idretten.

Nokre har fått beskjed i kroppsøvingstimen om at dette ikkje er noko for dei som svaksynte eller blinde. Andre blir sett på eit rom aleine på ein spinningssykkel.

– Eg har snakka med foreldre som fortel at barnet deira grin kvar fredag, fordi da er det kroppsøving på skulen. Om ein møter slike barrierer i tidleg alder, når ein ikkje får vere med på enkle aktivitetar på skulen, da er vegen inn i idretten kjempelang. 

Han håpar dei kan bruke historia til Kashafali som inspirasjon. Både for dei som vil drive toppidrett og dei som berre vil vere i aktivitet.

Les hele artikkelen her:

Kashafali: – Det mest slitsame er kampen for like moglegheiter | Norges idrettshøgskole (nih.no)