Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Tilskotsordningar

penger_nyhetssak_612x345.jpg

Oversikt over tilskotsordningar:

    Grasrotandelen gir deg som spelar på Norsk Tipping sine spel mulegheit til å velje eit lag eller foreining som skal få 7 % av innsatsen. Dette gjeld nesten alle spel. Det vil seie at om du spelar Lotto for hundre kroner, går sju kroner til din grasrotmottakar. Og best av alt; din innsats, premie eller vinnarsjanse vil ikkje bli redusert.

    Det er Kulturdepartementet som bestemmer kven som kan ta i mot grasrotmidlar. For at ditt lag eller foreining skal ta i mot midlar frå Grasrotandelen, må det vere registrert i Frivillighetsregisteret, som er ein del av Brønnøysundregisteret, og godkjent som grasrotmottakar.

    Les meir på Norsk Tipping si nettside "Om grasrotandelen" og "Bli grasrotgjevar"

    Oppstart- og utviklingsstøtte tildelast idrettsskular som tilbyr idrettsaktivitetar for barn frå og med det året dei fyller 6 år til og med det året dei fyller 12 år, og ungdom frå og med det året dei fyller 13 år til og med det året dei fyller 19 år.

    Alle idrettslag tilslutta NIF kan søke om desse midlane. Det tildelast oppstartsstøtte til ein idrettsskule for barn og ein idrettsskule for ungdom pr. idrettslag, enten det er eit fleiridrettslag eller eit særidrettslag.

    Ordninga med søknadsskjema og kriterier finn ein her:

    Lokale aktivitetsmidlar (LAM) er ei grunnstøtte til medlemsbaserte lokale lag og foreiningar. Midlane skal bidra til auka idrettsaktivitet, deltaking og frivilligheit. Det er arbeidet i det enkelte idrettslag for barn (6-12 år) og ungdom (13-19 år) som skal tilgodesjåast.

    Les meir om LAM her

    Søknad om vare- og tenestemomskompensasjon for idrettslag, idrettsråd, særkrinsar/regionar og AS. Føremålet med ordninga er å kompensere dei kostnader som frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

    Meir informasjon her.

    Idrettslag som byggjer eigne idrettsanlegg kan søke om å få kompensert betalt meirverdiavgift. Stortinget innførte ordninga i 2010.

    Meir informasjon her.

    Omlegging og forenkling av utstyrsordninga

    Kulturdepartementet og Norges idrettsforbund har sett av til saman 35,8 millionar kroner som skal tildelast klubbar og særforbund. Dette er 1,4 millioner kroner meir enn i 2017. Beløpet har aldri vore høgare. Hausten 2018 vil alle idrettslag få ein e-post om den nye søknads- og tildelingsprosedyra som vert endra frå og med i år. 

    Søknadsfrist for utstyr kjøpt i 2018 vert onsdag 6. februar 2019.

    Nytt av året er at kvitteringar skal sendast inn samtidig med søknaden. 
    Midlane vil bli utbetalt i løpet av mars 2019.

    Det vil som tidligare år bli sendt nødvendig informasjon på e-post til alle idrettslag om korleis ein søkjer i god tid før systemet vert opna for innlegging av søknadar.

    Alle idretten sine organisasjonsledd kan søke om midlar via Norges idrettsforbund til ExtraStiftelsen til helserelaterte prosjekt.

    Det kan søkast om midlar til prosjekt som fremjer fysisk og psykisk helse for utsette grupper, som menneske med funksjonsnedsetting, med innvandrarbakgrunn, med låg betalingsevne, med ein fysisk eller psykisk liding eller rusavhengigheit.

    Helseprosjekt

    Forskningsprosjekt