norvald.JPG

Idrettskretsens budskap til Oslos politikere

Gode idrettsvener! Idrett og fysisk aktivitet er ein viktig del av folks liv. Sett bort frå skulen er idretten den klart største fellesarenaen for barn og unge i Oslo. Under Oslo Idrettskrets paraply har vi over 330 000 medlemskap.

Dette er det beste beviset på at det blir tilrettelagt for idrett i byen. Mykje er på stell når det gjeld idrettsanlegg og vilkår elles for å driva idrett. Men situasjonen er likevel ikkje god nok. Byen treng eit anleggsløft.

Arealplanar og regulering er ein absolutt nødvendig del av ein storbys utvikling. Men i dag er det slik at tilrettelegging for idrett ikkje er ein sterk nok del av arealplanlegginga i Oslo. For det finst ingen lovmessige minstekrav til avsetting av areal til idrettsanlegg, og kommunen har heller ingen eigne normkrav eller planar som blir førande for arealdisponeringa til fordel for idretten. Dette må på plass i Oslo kommune. Det er ein absolutt føresetnad for ei betre anleggsutvikling. All byutvikling og alle reguleringsplaner må sikra at nødvendig arealavsetting skjer i samsvar med normkrav og politiske føringar. 

I ein by som blir meir fortetta og der kampen om areala blir sterkare, er det fleire ting som er viktig for idretten.  

Sikring av eksisterande idrettsområde er èin viktig jobb. Her er Oslo Idrettskrets urolege. F eks er eit godt stykke av idrettsparken på Valle Hovin alt vedtatt omregulert til boligformål, og vi er bekymra over forslag om boligutvikling på kunstgrasbanen på Domus Athletica (Ullevål) og her på Voldsløkka. Vi vil ikkje vera med på at byen lar seg frista til å selja ut idrettsareal for å finansiere andre gode formål her på Voldsløkka. Og vi vi vil ikkje vera med på at private eigarar får omregulere eksisterande idrettsområde, slik Studentsamskipnaden føreslår på Ullevål. 

Ein annan viktig jobb er å vidareutvikle dei områda som alt er sett av til idrettsformål. Det er på tide å komme i mål med forpliktande planer for den vidare utviklinga av anlegget her på Voldsløkka. Reguleringsplanen for nedre del av Voldsløkka må behandlast i lag med reguleringa av Heidenreichtomta, og det er vår klare innstilling at ei heilhetlig skole-/idrettsløysning må vedtakast.

Det krevst som nevnt eit anleggsløft i Oslo, både for å ta igjen etterslepet i anleggsdekninga og legge til rette for befolkningsveksten. Det vil vera behov for investeringar på totalt rundt 1 milliard kroner kvart år dei komande fire åra, for å halda tritt med befolkingsutviklinga og redusera litt på etterslepet. Ein del av dette vil også innebera realisering av spesielt kostnadskrevande anlegg som Jordal Amfi, Valle Hovin, Lillomarka Arena og idrettspark på Mortensrud. Med lovnadane frå dei fleste partia frisk i minne om at OL-anlegga skal byggjast uansett, forventar vi at dette blir følgt opp.

Oslo kommune er no i sluttspurten med utarbeiding av ein behovsplan for idretten fram mot 2026, og herunder ein programdel fram til og med 2019. Så langt er vi godt nøgde med dette arbeidet. Ein slik forpliktande plan kan vera eit godt verkemiddel for å få til dette anleggsløftet. Handlingsprogrammet som ligg i Oslo kommunes forslag til behovsplanen har eit anslag om investeringsnivå på omkring 1 milliard kroner per år i komande fireårs periode. Altså om lag på linje med det Oslo Idrettskrets har føreslått. Med ei slik satsing vil anleggsdekninga innanfor viktige anleggstypar betrast, og det gir muligheit for etablering av fleire anleggstypar som byen ikkje har i dag.

Men planen har enno ikkje kome til politisk behandling. Her blir det spennande å sjå om bystyret vil ta det løftet som så langt ligg i utkast til plan.

Til slutt: Vi meiner at ein times fysisk aktivitet hver dag i barne- og ungdomsskolen må innførast i Oslo-skolen. Det er ingen grunn for å venta på stortingsvedtak om dette. Det er mulig å innføra det innanfor dagens rammetimetal.

Kvifor dette? Jo, all forsking og erfaring dokumenterer at auka fysisk aktivitet gjennom heile ungdomstida gir betre læring, betre helse og betre trivsel. 

Oslo Idrettskrets meiner at idrettsbevegelsen kan bidra til ein meir aktiv skolekvardag. Svømmeopplæringa er muligens området som enklast kan gjennomførast i eit slikt samarbeid, men vi meiner at det også er mulig å utvikle eit breiare aktivitetstilbud i eit formelt samarbeid mellom skole og idrett. Vi har derfor eit forslag om oppstart av pilotprosjekt i utvalde bydelar der lokale idrettslag bidrar inn i skolen eller aktivitetsskolen med ressursar og kompetanse.

Voldsløkka, 29.august 2015
Norvald Mo, leder Oslo Idrettskrets