Klubbesøk
Vi startar gjerne med eit uformelt besøk i klubben der vi blir betre kjent med dykkar idrettskvardag. Her snakkar vi gjerne litt om klubben si historie, no-status og kva vi i idrettskretsen eventuelt kan hjelpe dykk med. Mange opplever at informasjonsmengda frå idrettskretsen og idrettsforbundet er stor, og at det kan verke overveldande til tider. På eit klubbesøk kan vi snakkast rundt bordet, og ut frå storleik på klubben, behov og utfordringar, kan vi hjelpe med å kartleggge kva kurs eller tilbod som er aktuelle for dykk.
Utvikling
Dersom idrettslaget er i ein situasjon der ein ynskjer utvikling, men er litt usikre på kva ein bør ta tak i eller prioritere først, så er eit såkalla startmøte det rette valet. Her kjem idrettskretsen sin rettleiar ut på eit møte med idrettslaget. Her bør idrettslaget invitere breitt då det er mange personar i ulike roller og aldrar i idrettslaget som kan ha viktige og betydningsfulle innspel til utvikling.
Frå startmøte i Laksevåg TIL (t.v.) og Vik idrettslag (t.h.). Gruppearbeid med godt engasjement. Foto: Kari Amble.
På startmøtet er idrettskretsen sin representant ein fasilitator til drøftingar og planlegging. Her er ein innom tema som er avtalt på førehand, men det vanlege er organisasjon, leiing, trenarar, aktivitetstilbod, anlegg og arrangement. Til slutt munnar drøftinga ut i handlingsplanar for prioriterte område. Etter ein arbeidsperiode for styret eller arbeidsgruppa, kjem idrettskretsen sin rettleiar tilbake for eit kort oppfølgingsmøte.
Er ditt idrettslag det neste vi kjem på besøk til?
Vestland idrettskrets sine klubbutviklarar er Kari Amble, Kristiane Utheim Brown og Alexander Gaare Jansen. Alexander tek veilederutdanninga i Norges idrettsforbund i år, og det kan du lese meir om her: Klubbveiledere skaper tettere kontakt med idrettslag (idrettsforbundet.no)