Alle idrettslag som organiserer aktivitet for barn 12 år og yngre skal ha ein barneidrettsansvarleg.
Alle idrettslag som organiserer aktivitet for barn 12 år og yngre skal ha ein barneidrettsansvarleg. Foto: Eirik Førde

Ny i rolla som barneidrettsansvarleg i idrettslaget?

I denne artikkelen har vi synleggjort kva oppgåver som ligg til rolla, samt at du kan finne filmar, e-kurs og anna informasjon og materiell som kan heve kompetansen og nyttast i idrettslaget. Dei som er registrert med rolla i idrettens database vil også motta informasjonen på epost.

Som barneidrettsansvarleg har du tatt på deg ei viktig rolle i idrettslaget. Formelt sett er det styret som, med bakgrunn i krav i lovnorm for idrettslag, skal oppnemne ein ansvarleg for barneidretten i idrettslaget. 

Idrettsforbundet har utarbeidd oppgåvene til den barneidrettsansvarlege: 

  • Sikre gode rutinar for å spre informasjon om idretten sine barnerettar og bestemmingar om barneidrett i alle ledd i idrettslaget
  • Oppfordre til at idrettar og grupper samarbeidar, koordinerer og vidareutviklar eit mangfaldig og variert aktivitetstilbod for barna i idrettslaget
  • Arbeide for at alle barn blir inkludert i idretten, og at kostnaden ved å drive idrett (som også inkluderer utstyr og reise, ikkje berre treningsavgift) bør vere lavast mogleg

På våre sider finn du ein del hjelpemidlar som du kan bruke i oppgåvene: 

Vestland idrettskrets set årleg opp digitale temakveldar for barneidrettsansvarlege. I kurskalenderen vår legg vi ut datoar for neste temakveld. 

Kontaktperson Vestland idrettskrets:

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag