Modul 0 (sjå også under krav til deltakar):
- E-læring Barneidrettens verdigrunnlag
- Trenarattest barn
Modul 1: Trygge rammer 2 timar
Barneidrettstrenaren skal lære å leie barn i trygge læringsmiljø, der det er aktivitetsglede, innsats og meistring.
- Trygg aktivitet og trygt miljø
- Verdigrunnlaget i norsk idrett
- Idretten sine barnerettar og bestemmingar om barneidrett
Modul 2: Relasjon 2 timar
Deltakar skal få kunnskap om kvifor det er viktig at barneidrettstrenaren har ein god relasjon til barna og betydninga det har for samhald, tillit og læring.
- Utvikle eigen menneskeinteresse
- Kva er lurt å vite om barna/utøvaren
- Søken etter det sympatiske menneske
Modul 3: Meistringsmiljø 3 timar
Deltakar skal vere bevisst eigne forvetningar til det å vere barneidrettstrenar, idrettslaget og barna sine forventningar. Deltakar skal vite korleis og kvifor det er viktig å skape meistringsklima på trening og konkurransar
- Trenarskap (leiar)
- Involvering, tilbakemeldingar og kommunikasjon
- Undervisningsprinsipp (KAMPVISE)
- Organisering av aktiviteten (leik, konkurransar, sirkel, stasjonar)
- Val av undervisningsmetodar
Modul 4: Aldersrelatert og tilpassa trening, 2 timar. Treningsplanlegging 1 time
Barneidrettstrenaren skal lære å legge til rette for trening som er tilpassa barnet sine føresetnader fysisk, motorisk, emosjonelt, kognitivt og sosialt.
- Vekst, modning og utvikling
- Grunnleggande ferdigheiter
Modul 5: Praktisk planlegging og gjennomføring av økt 4 t
Deltakar skal gjennomføre ei økt for barn som vektlegg kva, kvifor og korleis. Deltakar skal bruke teorien i praksis, og vere bevisst kva barna skal lære under økta. Deltakar skal ta omsyn til sikkerheit, og vite korleis ein handterer enkle idrettsskadar.
- Planlegge, gjennomføre og evaluere hensiktsmessige aktivitetar i variert miljø, som utviklar heile mennesket