Ungdomsutvalet søker no nye medlemmar. Er du mellom 15 - 25 år og engasjert i ungdomsarbeid og idrett, så kan dette vere noko for deg.
Ungdomsutvalet i Vestland idrettskrets består av idrettsengasjert ungdom som jobbar for å styrke ungdomsidretten i fylket. Konkrete oppgåver kan vere:
- klubbesøk med tema ungdomsidrett
- drøfting av ulike saker av betydning for ungdomsidrett (ungdomsutvalet har tett kontakt med idrettskretsstyret gjennom ung representant i styret)
- marknadsføring/rekruttering av deltakarar til leiarkurs for ungdom
- planlegging og gjennomføring av ulike møteplassar for ungdom
Ungdomsutvalet er spesielt opptatt av ung medbestemmelse, ungt engasjement, fellesskap/samhald i ungdomsidretten, og fleire med - lenger.
Slik melder du interesse:
- Send ein epost til Vestland idrettskrets: vestland@idrettsforbundet.no merka "Vestland idrettskrets ungdomsutval"
- Frist: 1. juni 2022
- I eposten må du opplyse namn, alder, klubb og din kontaktinformasjon
- I eposten fortel du litt om deg sjølv, kva klubb du representerer og kvifor og kva du ønsker å bidra med i ungdomsutvalet.
Spørsmål kan du sende til: bodil.ryste@idrettsforbundet.no eller på telefon 97518349. Du kan også ta kontakt med nokon av medlemmane i ungdomsutvalet (sjå under).