21
sep
2022

Digital temakveld Allidrett og Open hall

Arrangør: Vestland idrettskrets
Sted: Digitalt, Teams
Start: 21.09.2022 19:00
Slutt: 21.09.2022 20:30
Påmeldingsfrist: 20.09.2022 23:59    Meld deg på

Vil du vite meir om korleis du kan organisere allidrett eller open hall-tilbod i idrettslaget? Då er dette temakvelden for deg.

Vi deler temakvelden i to:

Kl. 19.00 - ca 19.45: Allidrett

  • Kva er allidrett
  • Ulike måtar å organisere allidrettstilbod på 
  • Oppstarts- og utviklingsstøtte, samt spelemidlar til utstyr
  • Spørsmål/svar/erfaringsutveksling
  • Kurstilbod barneidrett 

Kl. 19.50 - ca 20.30: Open hall/arena

  • Kva meiner vi med "Open hall-tilbod" 
  • Korleis legge til rette for gode og allsidige tilbod - anbefalingar frå Vestland idrettskrets
  • Spørsmål/svar/erfaringsutveksling 

Temakvelden er open for alle interesserte, men passar absolutt best for deg som har lyst til å starte opp eit tilbod eller som vil høyre erfaringar og frå tips frå andre. Du melder deg på heile temakvelden på linken under, men det er heilt ok å møte opp anten allidrett eller open hall ut frå skisserte tidspunkt. 

Påmelding via Min idrett innan 20. september (gratis deltaking)

Du kan også hente inspirasjon frå denne artikkelen om allidrett, der det ligg informasjon om organisering og tips frå idrettslag. 

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag