Logo som kan lastast ned
På Idrettsforbundet sine nettsider kan du finne logoar, malar for årsplanar og diplomar, som idrettslaget kan ta i bruk om ein ynskjer. Denne logoen er eitt av døma.

Allidrett gir allsidig grunnlag

Allidrett for barn og ungdom er eit variert aktivitetstilbod der barn og unge får prøve fleire ulike idrettar i fleire ulike miljø. Her kan du lese meir om kva allidrett er og få tips direkte frå idrettslag om måtar å organisere tilbodet på.

I Vestland rapporterte idrettslaga i 2020 om totalt 92 allidrettsgrupper med over 6000 aktive barn og ungdom. Det betyr at i Vestland er allidrett den femte største idrettsaktiviteten for barn og ungdom, etter fotball, handball, gym og turn, og svømming. Oversikt på alder viser at det er knappe 3400 barn i alderen 6-10 år som er med i eit allidrettstilbod. 

Varierte aktivitetar i ulike miljø

I allidrettstilboda finn ein igjen mange ulike idrettar og aktivitetar. For å kunne godkjennast til å søke om støtte til å starte opp eller utvikle tilbodet, må det vere tre ulike idrettar eller aktivitetar i ein årsplan på 20 veker eller meir. Og det er nettopp det allsidige og varierte tilbodet som er føremålet med allidretten. 

Eit døme er i Tambarskjelvar IL, der leiar for idrettsskulen Eigil Instebø, fortel om eit årshjul med heile 11 ulike idrettar for aldersgruppa 7-12 år, både innandørs og utandørs, og tilpassa årstidene. I Tambarskjelvar IL organiserer idrettsskulen tilbodet for aldersgruppa opp til 10-12 år med to vekentlege økter. Høyr og les meir om allidretten i Tambarskjelvar IL i vedlagt film. 

Idretten sine barnerettar og bestemmingar

Allidrettstilbodet skal vere tufta på idretten sitt verdigrunnlag, med idretten sine barnerettar og bestemmingar som grunnlaget. Dette betyr at idrettslaget skal legge til rette for at barna møter trygge rammer, både med tanke på det fysiske miljøet, men òg trygge vaksne og eit miljø som fremjar vennskap og trivsel og meistring. Trenarattesten bygger på idretten sine barnerettar og gir eit godt grunnlag for at instruktørane kan vere trygge i rolla si. 

Idrettskretsen si rolle

Idrettskretsane har ansvar for å følge opp NIF si ordning med godkjente allidrettsgrupper og idrettslag som har tilbod eller ynskjer å starte opp tilbod. Bodil Ryste er kontaktperson i Vestland idrettskrets. 

På Idrettsforbundet si ressursside for allidrett kan du til dømes finne søknadsskjema til støtteordning og malverk som årsplan, diplomar og ulike logoar. 

- I idrettskretsen opparbeider vi oss eit erfaringsgrunnlag frå mange idrettslag si organisering av allidrettstilbodet, og kan rådgi andre om korleis ein kan starte opp eller utvikle tilbodet. Vi får til dømes spørsmål om kva som må til for å fylle kriteria for å få støtte, når søknadsfrist for støtteordninga er, korleis det er lurt å marknadsføre, kva typar aktivitetar ein kan ha med i tilbodet - og så etterspør vi gjerne aktive allidrettsgrupper om korleis dei lukkast med tilbodet sitt. For å informere og dele erfaringar, blir det gjennomført årlege temakveldar om allidrett. Den neste er digital og planlagt til 15. november. 

Øving på grunnleggjande ferdigheiter

For dei aller yngste barna er allidretten ofte ein sosial møteplass for både barn og vaksne, og at til dømes enkle leikar og hinderløype er fine aktivitetstilbod som gir barna øving på grunnleggjande ferdigheiter som å hoppe, krype, rulle og klatre, samt andre fysiske, psykiske og sosiale eigenskapar. For eldre barn, kanskje frå 6-7 års alderen er det vanleg å organisere tilbodet meir, og at barna får prøve ut ulike idrettar. Det gjer både til at ein skaffar seg bevegelseserfaring og utviklar motorikken, i tillegg til at mange lettare finn ut kva idrett eller aktivitet ein har lyst til å halde fram med seinare. Allidretten har som oftast har små krav til anlegg og kan gjennomførast med lite utstyr, og er ofte lite kostnadskrevjande. 

Godt samarbeid internt i idrettslaget

I Vestland vert allidrettstilboda organisert både i by og i distrikt og av idrettslag i ulike storleikar. Gaular IL i Sunnfjord kommune er eit døme, der idrettslaget har to skulekrinsar i sitt nedslagsfelt. Då blir allidretten organisert med fleire grupper delt på alder og med nærleik til begge skulane slik at ein avgrensar reiseaktiviteten. I videointervjuet kan du høyre Ingeborg Grinde fortelle om allidrettsaktiviteten i Gaular IL. 

Både Gaular IL og Tambarskjelvar IL strekar under kor viktig eit godt internt samarbeid i idrettslaget er for å lukkast med allidrettstilbodet. Hovudstyret i idrettslaga er involvert og særidrettsgruppene samarbeider om treningstider og instruktørar. 

Dersom ditt idrettslag har lyst til å starte opp med Allidrett, vite meir eller dele dykkar erfaringar finn du meir informasjon på nettsidene våre, og du kan ta kontakt med rådgjevar i idrettskretsen, Bodil Ryste. 

 

 

 

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag