Organisasjonsplan
Ein organisasjonsplan for idrettslaget bør innehalde eit organisasjonskart og ei skildring av ansvaret og dei viktigaste oppgåvene som gjeld for ulike funksjonar i idrettslaget. Organisasjonsplanen til idrettslaget skal vedtakast på årsmøtet.
Her finn du link til mal for organisasjonsplan (vert oppdatert)
Klubbhandbok
Ei klubbhandbok skal svare på dei viktigaste spørsmåla om idrettslaget og gjere det enkelt å finne ut kva som gjeld internt. Klubbhandboka vil med det bidra til kontinuitet i det som blir bestemt og gjort i idrettslaget. Klubbhandboka bør vedtakst og oppdaterast av styret slik at det kan gjerast endringar i den når det er behov.
Her finn du link til mal for klubbhandbok (oppdatert oktober 2019)
På denne sida finn du nyttig informasjon om klubbdrift og fleire malar som idrettslaget kan nytte.
Økonomihandbok
Ei økonomihandbok skal vere eit hjelpemiddel for idrettslaget for å sikre god
økonomistyring, og tilpassast slik at den gir eit rett bilde av dei rutinane som idrettslaget har på plass. Økonomihandboka bør vedtakst og oppdaterast av styret slik at det kan gjerast endringar i den når det er behov. På denne sida finn du viktig informasjon om klubbøkonomi.
Her finn du link til økonomihandbok (oppdatert 2019)
Her finn du link til mal for fullmaktsmatrise
Ta kontakt med idrettskretsen om du ønskjer malar på nynorsk.