Illustrasjon

Ungdomsutvalet i Vestland idrettskrets inviterer til møteplass for ungdom og unge vaksne

I samband med idrettskretstinget i Bergen 12. - 13. april får unge idrettsengasjerte no høve til å møtast for å bygge nettverk, hente inspirasjon og dele erfaringar kring ulike fellesidrettslege tema.

Leiar i Vestland idrettskrets sitt ungdomsutval, Magnus Hesjedal Hartwig seier at denne samlinga er for ungdom og unge vaksne mellom 15-26 år som vil møte andre engasjerte og vite meir om kva moglegheiter som finnast. Om ein ikkje er aktiv utøvar, kan ein framleis vere engasjert som trenar, dommar, styremedlem, med i eit utval eller liknande. 

- Føremålet er å etablere ein møteplass der vi kan treffast for å utveksle erfaringar, få ny kunnskap og bygge nettverk. På samlinga vil det vere aktuelle og inspirerande innlegg, workshops, sofaprat og observasjon av idrettskretstinget, forklarar Hartwig. 

Håpar på god deltaking

- Vi håpar på god oppslutnad, og at vi med denne samlinga kan etablere ein møteplass for unge i samband med eit kretsting der det uansett er samla representantar frå idretten i heile fylket, og det vert teke avgjersler som betyr noko for idretten i Vestland. Det er interessant for ungdom og unge vaksne å lære meir av desse prosessane, og å kunne hente inspirasjon til vidare engasjement i idretten, avsluttar Hartwig. 

Arrangørkomitéen består av Vestland idrettskrets sitt ungdomsutval: Magnus Hesjedal Hartwig (leiar), Ingeborg Wåge Møgster (nestleiar), Jeanette Heggen, Jonas Kønig og Morten Føyner Bru.