Head_IM2020_episerver.jpg

Idrettens Møteplass med god deltaking

Etter mange digitale møte og samlingar, var det igjen fint å kunne legge til rette for Idrettens Møteplass med fysisk oppmøte i Førde på laurdag.

Idrettens Møteplass har vore eit årleg arrangement i Sogn og Fjordane sidan 2017, og i år var turen komen til regionen Sunnfjord med arrangementsstad Førdehuset. Totalt deltok knappe 110 personar på dei ulike programpostane. 

Foredrag Livslang idrettsglede

Idrettens Møteplass har eit breitt program, og dagen starta med felles foredrag med svært gode og nyttige bidrag frå Olympiatoppen Vest, Høgskulen på Vestlandet og Antidoping Norge.

F.v. Frå foredraget med Høgskulen på Vestlandet. Ruth Laberg frå IL Jotun fekk tildelt Årets eldsjel-prisen for Vestland fylke.

F.v. Frå foredraget til Høgskulen på Vestlandet, Olympiatoppen Vest og Antidoping Norge. Foto: Vestland idrettskrets. 

Årets Eldsjel

Fellesdelen vart avslutta med utdeling av Eldsjel-prisen for Vestland fylke, der Ruth Laberg frå IL Jotun vart tildelt utmerkinga av styreleiar i idrettskretsen, Nils R. Sandal. Les meir om Ruth og tildelinga av prisen her.  

Treningssamling for ungdom og paraidrett

Treningssamlinga for ungdom i alderen 12-19 år samla i år knappe 30 deltakarar frå mange ulike idrettar. Utøvarane fekk i tillegg til to økter med lærerik basistrening med seg foredrag med Olympiatoppen Vest og Antidoping Norge. Stor takk til trenarane Eivind Øygard frå Jølster IL, Samson Aas Wie frå Førde IL Alpin, og Iwonka Vik Olsen frå Olympiatoppen Vest. På grunn av få påmeldte vart paraidrettssamlinga avlyst slik den var planlagt, men paraidrettskonsulent i idrettskretsen gjennomførte møte med deltakar. 

Foto: Vestland idrettskrets. 

Møteplass

På ettermiddagen gjennomførte særkrinsane i friidrett, orientering og ski sine haustmøte, i tillegg til styremøte i Vestland idrettskrets, og idrettskretsen si idrettrådssamling med anleggskurs. På idrettsrådssamlinga var det 13 deltakarar frå 7 ulike idrettsråd frå heile fylket. 

Vestland idrettskrets takkar samarbeidspartane Olympiatoppen Vest, Høgskulen på Vestlandet, Antidoping Norge for deira bidrag på foredrag, samt Sogn og Fjordane Skikrins, Orienteringskrins og Friidrettskrins for gjennomføring av arrangementet.