Ruth Laberg frå IL Jotun. Foto: Vestland idrettskrets.
Ruth Laberg frå IL Jotun. Foto: Vestland idrettskrets.

Årets Eldsjel i Vestland

På Idrettens Møteplass i Førde vart Ruth Laberg frå IL Jotun utropt som Årets Eldsjel i Vestland fylke.

Utmerkinga for Årets Eldsjel i Vestland vart offentleggjort på Idrettens Møteplass i Førde laurdag 24.10.20. Prisen gjekk til Ruth Laberg frå IL Jotun.

Styreleiar i Vestland idrettskrets, Nils R. Sandal, stod for offentleggjeringa. Han omtalte vinnaren som ei med breitt engasjement for klubben sin, på tvers av fleire greiner i idrettslaget. Laberg vart omtala som "gull verd" for IL Jotun, at ho ser alle og er ein miljøbyggar. Ruth står på for at barna skal trivast, kjenne meistring, bli sett og få høve til å drive med allsidig aktivitet. For mange er Ruth ein mentor, der ho alltid prøver å hjelpe, og i over 20 år har ho brukt heile fritida si på idretten. Laberg har hatt mange verv i idretten, og idag er ho aktiv som trenar i symjing, kretsdommar i turn og symjing, og sit i styret i turn og fotball, i tillegg til arbeidsutvalet i klubben. 

Frå medlem av juryen for tildeling av Årets Eldsjel, Marit Bjørgen, vart det spelt av ei digital helsing, der Marit mellom anna annonserte at det i prisen for fylkesvinnaren ligg kr. 10 000,- til idrettslaget, IL Jotun. 

Ruth er ein flott representant for alle dei frivillige eldsjelene som gjennom året legg ned ein uvurderleg innsats for klubbane og utøvarane sine. Vestland idrettskrets gratulerer Ruth Laberg, IL Jotun, som vinnar av Årets Eldsjel-pris i Vestland fylke.