09
apr
2025

Avlyst - Styrekurs for idrettslag

Arrangør: Vestland idrettskrets
Sted: Idrettens hus, Fjøsangervegen 68B, Bergen
Start: 09.04.2025 19:00
Slutt: 09.04.2025 21:00
Påmeldingsfrist: 08.04.2025 19:00    Meld deg på

Kurset er avlyst pga for få påmeldte.

Du blir kjend med dei viktigaste lovene og reglane som idrettslaget må forhalde seg til, du får tips om gode verkty for drift av idrettslaget og eit overordna blikk på økonomi. Uansett om du er ny eller har mange år bak deg kan eit styrekurs vere med å gjere kvardagen enklare i idrettslaget.

Målgruppe: Styret i klubben og gruppestyra i fleiridrettslag.
Dagleg leiar og tilsette dersom klubben har ein administrasjon. Andre tillitsvalte som styret har delegert fullmakter og myndigheit til.

Tentativ tidsbruk:
1900-2000 - Lover og reglar
2000-2030 - Økonomi
2030-2100 - Drift
(t.d. fordele roller/oppgåver, gjennomføring av styremøte, tilgjengelege verktøy)

Kurset vil foregå med fysisk oppmøte på Idrettens Hus, Fjøsangerveien 68B, 5068 Bergen. Vi står i døra på vestleg side med parkeringa for å sleppe dykk inn frå kl. 18.45. Ring Grethe Hillestad på tlf. 419 00 122 dersom det er problem med å kome inn eller finne fram. Tilkomstinfo finn ein her.  

Pris: Gratis

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag

Grethe Hillestad
Grethe Hillestad
Rådgiver