Allidrett for barn og ungdom er eit variert aktivitetstilbod der barn og unge får prøve fleire ulike idrettar i fleire ulike miljø. Her kan du lese meir om kva allidrett er og få tips direkte frå idrettslag om måtar å organisere tilbodet på. Foto: Erik Ruud, Norges idrettsforbund
Allidrett for barn og ungdom er eit variert aktivitetstilbod der barn og unge får prøve fleire ulike idrettar i fleire ulike miljø. Her kan du lese meir om kva allidrett er og få tips direkte frå idrettslag om måtar å organisere tilbodet på. Foto: Erik Ruud, Norges idrettsforbund

Allidrett gir allsidig grunnlag

I Vestland idrettskrets er det over 7000 barn og unge som er aktive i meir enn 120 allidrettsgrupper rundt omkring i fylket. Det betyr at Allidrett den femte største idrettsaktiviteten for barn og ungdom etter fotball, handball, gym og turn og svømming. I 2022 kom den største auken av aktive innanfor allidrett i aldersgruppa 13-16 år, men det er framleis flest barn i alderen 6-8 år som er aktive i ei allidrettsgruppe.  

Variert og allsidig

I allidrettstilboda finn ein igjen mange ulike idrettar og aktivitetar. Det er nettopp det allsidige og varierte tilbodet som er føremålet med allidretten. Eit døme er i Tambarskjelvar IL, der leiar for idrettsskulen Eigil Instebø, fortel om eit årshjul med heile 11 ulike idrettar for aldersgruppa 7-12 år, både innandørs og utandørs, og tilpassa årstidene. I Tambarskjelvar IL organiserer idrettsskulen tilbodet for aldersgruppa 7-12 år med to vekentlege økter og ei vekentleg økt for dei som er yngre. Årshjulet til Tambarskjelvar IL er lagt til som bilete. 

Idretten sine barnerettar og bestemmingar

Allidrettstilbodet skal vere tufta på idretten sine barnerettar og bestemmingar.  Dette betyr at idrettslaget skal legge til rette for at barna møter trygge rammer, både med tanke på det fysiske miljøet, men òg trygge vaksne og eit miljø som fremjar vennskap og trivsel og meistring. Trenarattesten er obligatorisk for alle trenarar i norsk idrett, og bygger nettopp på idretten sine barnerettar. Trenarattesten gir eit fint grunnlag for at instruktørane kan vere trygge i rolla si. I tillegg må allidrettsgruppene merke seg informasjon om politiattest

Søk støtte!

Det er mogleg å søke Norges idrettsforbund om støtte til å starte opp ein allidrett for barn, ungdom eller paragrupper. Det er også mogleg å søke støtte til å utvikle tilbodet. NIF kallar dette for oppstarts- og utviklingsstøtte. Det er visse kriterier som må vere på plass for at ein kan søke støtte: 

Idrettskretsen si rolle

Idrettskretsane har ansvar for å følge opp NIF si ordning med godkjente allidrettsgrupper og idrettslag som har tilbod eller ynskjer å starte opp tilbod. Bodil Ryste er kontaktperson i Vestland idrettskrets. 

På Idrettsforbundet si ressursside for allidrett kan du til i tillegg til kriterier og søknadsskjema finne malar for årsplan, diplomar og ulike logoar. 

- I idrettskretsen opparbeider vi oss eit erfaringsgrunnlag frå mange idrettslag si organisering av allidrettstilbodet, og kan rådgi andre om korleis ein kan starte opp eller utvikle tilbodet. Vi får til dømes spørsmål om kva som må til for å fylle kriteria for å få støtte, når søknadsfrist for støtteordninga er, korleis det er lurt å marknadsføre, kva typar aktivitetar ein kan ha med i tilbodet - og så etterspør vi gjerne aktive allidrettsgrupper om korleis dei lukkast med tilbodet sitt.