Hovudmålet til samlinga er å bruke Idrettstinget 2023 til aktivt å rekruttere og gje kompetanse til fleire unge frå heile organisasjonen til vidare frivillig engasjement i idretten. Nettverkssamlinga sitt hovudtema er "Framtidas idrettsleiarar" og ein håpar at unge leiarar skal få inspirasjon og eit innblikk i korleis det er å vere leiar i norsk idrett på Idrettstinget.

Nettverkssamling Framtidas idrettsleiarar
Ungdomsutvala i idrettskretsane i Vestland og Viken inviterer til nettverkssamling for framtidas idrettsleiarar i samband med Idrettstinget i Bergen 2. - 4. juni 2023.
Praktisk informasjon
- Tidsrom: Fredag 2. juni - Søndag 4. juni. Her er lenke til program og pakkeliste.
- Overnatting og møtelokale: Comfort Hotel Bergen Airport
- Idrettstinget pågår samtidig på Scandic Flesland Hotel, som ligg like ved Comfort Hotel Bergen Airport. Nettverkssamlinga vil innehalde både observasjon og oppgåver på delar av Idrettstinget. I tillegg blir det planlagt besøk hos idrettslag i Bergen og eige program på hotellet der ein overnattar. All informasjon om Idrettstinget her.
- Hotellet ligg i gangavstand frå flyplass og bybanestopp.
Samlinga vil ha ei deltakaravgift på kr. 1000,- per deltakar. Overnatting og måltid under samlinga er inkludert i deltakaravgifta. Reise til og frå samlinga dekkast ikkje av deltakaravgifta.
Samlinga er open for deltakarar frå 15 - 26 år. Om organisasjonsleddet vil sende deltakarar under 18 år, må føresette signere på samtykkeskjema. Dette sendast ut saman med stadfesting på plass.