Ekstraløyving frå Vestland fylkeskommune 2022 og 2023

Vestland fylkeskommune vedtok i 2022 å løyve totalt 5 millionar kroner til idretten i Vestland for å styrke arbeidet med å gjenopprette aktivitet i den organisert idretten.

Tildelinga hadde to overordna målsetnader:

  • Styrke idrettslaga si rolle og funksjon i lokalsamfunnet.
  • Stimulere frivilligheita og aktivitetstilboda i idrettslaga i heile fylket

Tildeling vart ferdigstilt i mai 2023, med ei tildelingsrunde i desember 2022 og ei tildelingsrunde i mai 2023. 

Vestland fylkeskommune har vedtatt at følgande kriterium og prioriterte område skal gjelde for ordninga: 

  • Styrke den organiserte idrettsaktiviteten for barn, ungdom og unge vaksne, gjennom:
    • Styrke og vidareutvikle eksisterande tilbod.
    • Støtte til utvikling av nye aktivitetar eller gjenopptak av aktivitet som har "lagt nede".
    • Tiltak som får med fleire nye eller at fleire blir med lenger (hindre fråfall).
    • Tiltak som reduserer kostnad for den som skal delta, som gjer at fleire kan vere med.
  • Styrke den frivillige innsatsen i idrettslaga, gjennom: 
    • Tiltak som kan rekruttere fleire til ulike verv, til dømes trenarar, dommarar, leiarar og andre tillitsvalde - samt alle som er med på å støtte opp om og legge til rette for organisert idrettsaktivitet.
    • Tiltak som gjer det lettare å delta som frivillig.

  • Tiltak som gir ein langvarig effekt på overordna målsetnad vert prioritert.
  • Tiltaket må vere i tråd med Norges idrettsforbund sin visjon og verdigrunnlag.
  • Anlegg som inngår i spelemiddelordningane vil ikkje få støtte (nærmiljøanlegg og ordinære idrettsanlegg).
  • Alle idrettslag i Vestland tilslutta Norges idrettsforbund kan søke. Særidrettsgrupper i fleiridrettslag må avklare sin søknad med hovudstyret i idrettslaget.
  • Øvre søknadssum kr. 50 000 per idrettslag eller gruppe i idrettslaget.

  • Løyvinga har tildeling både i 2022 og 2023. No er begge søknadsfristane passert (15. november 2022 og 15. mars 2023). 
  • Det var mogleg å søke til begge fristane, men maks tildeling totalt per søkar er kr. 50 000,- 
  • Vi reknar 4-6 veker i tid til handsaming av søknadane etter søknadsfristen er gått ut. 
  • For runde 2 med søknadsfrist 15. mars vil tildeling skje etter styret i Vestland idrettskrets har handsama saka 5. - 6. mai 2023. 
  • Merk at alle som mottek støtte må rapportere på dei tildelte midlane seinast 1 år etter tildeling.