Mange idrettslag får no tildelt midlar til til dømes trenar- og dommarutdanning og ulike tiltak som er med på å redusere økonomiske barrierar. Foto: Vestland idrettskrets.
Mange idrettslag får no tildelt midlar til til dømes trenar- og dommarutdanning og ulike tiltak som er med på å redusere økonomiske barrierar. Foto: Vestland idrettskrets.

Første tildeling i støtteordninga Ekstraløyving frå Vestland fylkeskommune

Det kom over 220 søknadar frå idrettslag etter at Vestland fylkeskommune tidlegare i haust løyvde 5 millionar ekstra til idretten i Vestland. No er den første av to tildelingsrundar ferdig handsama, og om lag halvparten av dei 5 millionane vert tildelt i første runde. 

Fylkeskommunen vedtok tidlegare i år ekstraløyvinga med føremål om å styrke arbeidet med å gjenopprette aktivitet i den organiserte idretten i Vestland. Støtteordninga har overordna målsetnadar om å styrke idrettslaga si rolle og funksjon i lokalsamfunnet og å stimulere frivilligheita og aktivitetstilboda i idrettslaga i heile fylket.

- Vi er svært takknemmelege for støtta frå Vestland fylkeskommune, seier organisasjonssjef Knut Songve. Med ein søknadssum på over 9 millionar fordelt på over 220 søknadar viser det at støtteordninga traff godt på idrettslaga sine behov. 

Nokre område peika seg ut, deriblant ulike kompetansehevande tiltak for trenarar, dommarar og andre støttefunksjonar i idrettslaget, samt ulike tiltak for å redusere økonomiske barrierar. I tillegg har mange søkt om støtte til utstyr, til dømes for å kunne låne ut til alle som deltek. Fleire søker om støtte til å kunne starte opp ny aktivitet eller å kome igang igjen med tilbod som har lagt nede grunna pandemi eller andre årsaker. Det er også gledeleg at ei rekkje idrettslag har søkt om støtte til å styrkje det sosiale samhaldet blant dei frivillige eller deltakarane.

Svært mange av søknandane trefte innanfor kriteria i ordninga, og det viser at idrettslaga i Vestland ynskjer å satse på å styrke aktivitetstilboda og rammene rundt aktiviteten, samt å legge til rette for at alle kan vere med. Dette er heilt i tråd med den organiserte idretten sine satsingsområde og verdigrunnlaget som norsk idrett er tufta på.

Med bakgrunn i det høge søkartalet og søknadssum, samt den høge kvaliteten på tiltaka det vert søkt om, har Vestland idrettskrets derfor vektlagt å fordele tilskot til flest mogleg framfor at nokre få får meir. Tiltak som er vurdert å gi ein langvarig effekt er prioritert. Totalt er det tildelt over 2,5 millionar til idrettslag i Vestland. 

Idrettslaga som har søkt vil no få tilbakemelding på søknadane sine. Neste søknadsfrist er 15. mars, og det vil bli opna for nye søknadar like over nyttår.