Illustrasjon

256 millionar i spelemidlar til Vestland fylke

Kulturdepartementet har fordelt årets spelemidlar som kjem frå overskotet til Norsk Tipping. Vestland fylke hadde denne gongen 256 millionar til fordeling som fylkespolitikarane no har tildelt. 

Kulturdepartementet har fordelt årets spelemidlar som kjem frå overskotet til Norsk Tipping. Vestland fylke hadde denne gongen 256 millionar til fordeling som fylkespolitikarane no har tildelt. Tildelinga går til ulike anlegg innan idrett og friluftsliv og blir fordelt både til ordinære anlegg og nærmiljøanlegg innan desse hovudkategoriane. Vestland er framleis eitt av dei fylka med lengst ventetid på utbetaling av spelemidlar etter at søknad er godkjend (etterslep). Årets tildeling har redusert etterslepet noko, men ein har framleis 3,43 års ventetid mot 4,63 år i 2019. Kulturdepartementet er starta prosess med gjennomgang av heile spelemiddelordninga og det er skissert at ny ordning skal vere på plass for tildelinga i 2025.

Årets tildeling i Vestland fylke finn du på fylkeskommunen sine nettsider.