Idrettslaga gjennomførte årsmøta sine innan utgangen av mars, og både for nye og erfarne tillitsvalde er det mange aktuelle kurs om dagen.
Styrearbeid i praksis
I Årdalstangen IL samla idrettslaget både hovudstyret og mange representantar frå gruppestyra til kurset styrearbeid i praksis. Her er til dømes lovnorm, årsmøte, styret og gruppestyra sitt ansvar og oppgåver tema. I tillegg økonomi, medlemssystem og ulike støtteordningar. Ein flott kveld hos idrettslaget, som kom med mange gode spørsmål til idrettskretsen sine utsendte.
"Trygge Utøvarar"
I Sogndal var det Geir Bangstad som bidrog med temakveld for trenarar i idrettslaget, om barn og unge med usynlege behov. På denne temakvelden tok Geir opp ulike utfordringar som trenarar kan oppleve i barneidretten, blant anna knytt til å legge til rette for progresjon og meistring for heile gruppa samla. Temakvelden var i kombinasjon av teori og praksis. Desse temakveldane er utvikla gjennom prosjektet Trygge Utøvere i regi av Knutepunktet i Idrettsklynge Vest. På ressurssida www.tryggeutovere.no kan du finne fleire tips!
Ta gjerne kontakt med oss om idrettslaget vil ha desse eller andre kurs lokalt!