Aktiv heile livet-konferansen set søkelyset på fysisk aktivitet for eldre. Foto: Grethe Hillestad, Vestland idrettskrets
Aktiv heile livet-konferansen set søkelyset på fysisk aktivitet for eldre. Foto: Grethe Hillestad, Vestland idrettskrets

Aktiv heile livet-konferanse

Fysisk aktivitet er viktig gjennom heile livet, men for eldre er fordelane ofte større! Korleis kan vi saman sørge for at fleire får moglegheit til å vere aktive heile livet? Idrettsklynge Vest inviterer til konferanse om trening, fysisk aktivitet og eldrehelse for deg som jobbar innan idrett, helse, kommune og akademia.

Konferansen finn stad i Mimes Brønn på Høgskulen på Vestlandet, campus Kronstad, fredag 23. september 2022. 

På Aktiv heile livet-konferansen er det bidrag frå kommune, statsforvaltaren, fylkeskommunen, høgskule, universitet og frå idretten. Alt sydd saman i møteplassen Fysisk aktivitet for eldre i Idrettsklynge Vest. Det vert blant anna gode døme på organisering av aktivitet for eldre, presentasjonar frå forskning, intervju og andre faginnlegg frå svært dyktige bidragsytarar. 

Heile programmet og invitasjonen ser du her

Informasjon frå Idrettsklynge Vest her

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag