Foto: Vestland idrettskrets
Foto: Vestland idrettskrets

Stønadsordning Lågterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

Vestland fylkeskommune har nyleg lyst ut støtteordninga Lågterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom. Idrettskretsen gjennomførte 13.01.20 eit digitalt orienteringsmøte om ordninga.

Det er nemleg regionale ledd av frivillige organisasjonar innan idrett og friluftsliv som kan søke på ordninga. Dei regionale organisasjonane skal samordne søknadane frå sine lokale lag og skal prioritere desse etter dei krav og prioriteringar som ligg i retningslinene til Vestland fylkeskommune. 

På denne linken ser du presentasjonen som Vestland idrettskrets hadde på orienteringsmøtet 13.01.20.

Merk at frist for skriftleg informasjon/søknad til Vestland idrettskrets er 8. februar. Idrettslag/idrettsråd må kontakte idrettskretsen for sitt prosjekt. Særidrettslag/-grupper kontaktar primært det regionale leddet for sin særidrett. Viser til presentasjon over for ytterlegare informasjon. 

På denne linken hos Vestland fylkeskommune ser du all informasjon om ordninga, inkludert krav og prioriteringar. 

Her er protokoll frå møte i Hovudutval for kultur, idrett og integrering sitt møte 21. april 2020 med oversikt over tildeling i ordninga i 2020. 

Her er link til saksframlegg til møtet i Hovudutval for kultur, idrett og integrering 21.4.20, der tiltaka er skildra.

Kontaktpersonar Vestland idrettskrets: 

Elise Barsnes, klubbutviklar inkludering for NFF Hordaland, NHF Reg Vest og Vestland idrettskrets
Epost: elise.barsnes@fotball.no 
Tlf. 481 48 786

Bodil Ryste, idrettsfagleg konsulent Vestland idrettskrets
Epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no 
Tlf. 975 18 349