Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane lyser ut midlar

Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane lyser ut midlar

Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane vil i 2021 dele ut idrettsstipend og støtte til tiltak for barn/unge og paraidrett. Søknadsfrist er 1. mai 2021.

Det er særkrinsar/regionar, idrettsråd, idrettslag og særidrettsgrupper i regionane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, samt unge utøvarar (16-19 år), som representerer idrettslag i regionane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn i idrettar og greiner som er tilslutta Norges Idrettsforbund, som kan søke på midlane.

Det er tre kategoriar ein kan søkje på:

· Stipend til unge idrettsutøvarar 16-19 år
· Støtteordning til barne- og ungdomsidrett
· Støtteordning til paraidrett

For idrettsstipend er det den enkelte utøvar sjølv som søkjer, men organisasjonsledda må gjere aktuelle kjend med ordninga og gjeldande søknadsfrist. For støtteordninga til barne- og ungdomsidrett og paraidrett er det organisasjonsledda som søkjer.

Søknadsfrist for alle kategoriane er 1. mai 2021. Vedtak om tildeling av midlane og annonsering av tildelte midlar vert gjort innan 1. juni 2021.

Meir informasjon, retningslinjer for søknad/tildeling, samt søknadsskjema finn du på nettsida til Stiftinga: www.idrettsfondsf.no 

Eventuelle spørsmål rettast til Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane på epost: soknad@idrettsfondsf.no, eventuelt telefon til leiar av Stiftinga, Cecilie Thaule Løvlid, tlf. 91848804. Utfylt og signert søknadsskjema sendast elektronisk til same e-postadresse.