Nils R. Sandal, styreleiar i Vestland idrettskrets. Foto: Knut Songve
Nils R. Sandal, styreleiar i Vestland idrettskrets. Foto: Knut Songve

Signering av ny avtale Idrettsklynge Vest

Torsdag 15.4.21 skreiv dei 8 aktørane under avtalen som forpliktar dei til vidare samhandling gjennom organisasjonen Idrettsklynge Vest også i framtida.

Vestland idrettskrets, Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Helse Bergen, Olympiatoppen Vest, Sportsklubben Brann, Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen. Store og sterke kvar for seg,  større og sterkare saman. Styrke i samspel kallar vi det. 

«Dette er ein juvel for idretten, for god folkehelse og for fylket vårt» seier fylkesordførar Jon Askeland som har leia styringsgruppa i Idrettsklynge Vest fram til den nye avtalen og den nye organisasjonsforma. «Åra som har gått har vist at vi har alt å vinne på å samarbeide når det kjem til dette feltet. Samfunnet må sjåast i samanheng, og det klarar vi fantastisk bra gjennom Idrettsklynge Vest. Her har vi dei faste møteplassane som strukturerar oss i samhandlinga, som utnyttar ressursane og som gir grobunn til gode felles prosjekt, på tvers av både fag og organisasjon. Gjennom Idrettsklynge Vest stiller vi sterkare når det gjeld å løyse dei vanskelege oppgåvene ein kvar for seg ikkje klarar å løyse aleine» seier Askeland.

Les meir her: www.idrettsklyngevest.no