Gjensidigestiftelsen.jpg

Gjensidigestiftelsen med støtteordning til sommaraktivitetar

9. mars er frist for å søke støtte til opne, inkluderande og koronatrygge sommaraktivitetar for barn og unge.

Gjensidigestiftelsen skriv:

Koronapandemien er ikkje over, og vi går framleis ei usikker og krevjande tid i møte. Derfor ønsker vi å gjenta suksessen frå i fjor ved å skape gode sommaropplevingar for barn og unge i 2021. Lag og foreiningar som har lyst og moglegheit til å legge til rette for opne, inkluderande og koronatrygge aktivitetar kan no søke om støtte frå Gjensidigestiftelsen. 

Det er også mogleg å søke om støtte til å skape sommarjobbar for ungdom som ein del av planlegginga og gjennomføringa av aktivitetane. 

Søknadsfrist 9. mars. 

Her finn du all informasjon hos Gjensidigestiftelsen.