Austevoll idrettsråd og Austevoll kommune har underteikna samarbeidsavtale
f.v. ordførar Morten Storebø, t.h. leiar i Austevoll IR Torbjørn Karlsen. Foto: Anne Berith Drønen

Austevoll idrettsråd og Austevoll kommune har underteikna samarbeidsavtale

Leiar i Austevoll IR, Torbjørn Karlsen, seier at: «Me skal behandle tema som utbygging av idrettsanlegg, fordeling av bruk av idrettsanlegg, eller arrangement og koordinering av frivillig innsats. Me er klare for å hjelpa til med å sikra at klubbane i kommunen skal halde eit høgt aktivitetsnivå med så låge kostnadar som mogleg»

Samarbeidsavtala skal vere med å:

- Fremje felles mål om idrett, fysisk aktivitet og folkehelse for alle i kommunen.

- Sikre god samordning og kommunikasjon mellom kommunen og idretten.

- Klargjere gjensidige krav og forventningar til samarbeidet.

- Sikre god ressursutnytting av offentlege midlar til aktivitet og til idretten, inkl. idrettsanlegg og bygg