Sara Stokken Rott er ungdomsutvalet sin leiar. Foto: privat.
Sara Stokken Rott er ungdomsutvalet sin leiar. Foto: privat.

Nyoppretta ungdomsutval i Vestland idrettskrets

Frå å vere eit nettverk av engasjerte ungdommar, har styret i Vestland idrettskrets no vedtatt å opprette eit ungdomsutval. Sara Stokken Rott er ungdomsutvalet sin første leiar.

Mandatet til ungdomsutvalet er nyleg vedtatt av kretsstyret, og utvalet skal mellom anna vere ein pådrivar for at ungdom held lenger på med idrett. 

Leiar i utvalet, Sara Stokken Rott, er ei av dei som brenn for at barn og unge skal kunne drive med idrett lengst mogleg, og at idretten skal vere ein trygg, sosial og inkluderande stad å vere. Sara meiner det er viktig at det finnast eit lag og eit nivå for alle. 

- Vi brenn for å skape gode idrettsopplevingar for ungdom i Vestland idrettskrets. Som overordna mål ønsker vi å skape idrettsglede for unge. Dette inneber blant anna å kartlegge ungdommane sine behov og ønsker i idretten, og vise til kva moglegheiter ein har. Til dømes leiarkurs for unge, trenar- og dommarkurs. Samtidig ønsker vi å famne om mangfaldet av ungdom, og sidan barn og unge er det største delen av medlemmar i norsk idrett, er ung medbestemmelse noko vi kjem til å fokusere på. 

I mandatet går det også fram at ungdomsutvalet skal vere idrettsungdommen si stemme i idrettskretsen i saker som omhandlar ungdom, i andre aktuelle saker og i dei sakene der styret ønsker å få ungdommane sine synspunkt. Ungdomsutvalet skal oppfordre til nettverksbygging blant idrettsungdom i fylket, fremme innstilling av unge styrerepresentantar til valkomiteen ved idrettskretsting, og kommunisere tett med idrettsråd og idrettslag angåande ungdomsproblematikk.

Her kan du sjå oversikt over medlemmane i utvalet, lese mandatet og finne kontaktinformasjon.