Skjermdump frå nettsida www.tryggeutovere.no
Skjermdump frå nettsida www.tryggeutovere.no

Trygge utøvarar - ny nettressurs og kurs

Vestland idrettskrets er ein del av klyngesamarbeidet Idrettscampus Bergen, og i regi av prosjekt i Knutepunktet er det no lansert ein ny nettressurs der alle som jobbar med fysisk aktivitet for barn og unge kan finne fagstoff, gode råd til inkludering og tilrettelegging i treningskvardagen, samt aktuelle kurs.

Fysisk aktivitet er ikkje berre bra for helsa, det er også ein fantastisk arena for bevegelsesglede, meistring og sosial tilhøyre. Dessverre har det vist seg at særleg barn og unge med synlege eller usynlege behov står i fare for å falle ut av idrett og anna frivillig aktivitet. Desse barna og ungdommane treng gjerne ein eller annan form for tilrettelegging for at dei skal trivast i fysisk aktivitet, og det er ikkje alltid like lett å vite korleis ein skal tilrettelegge for den einskilde. 

Idrettskretsen får stadig tilbakemeldingar frå idrettslag og trenarar som kunne tenke seg meir kompetanse innan tilrettelegging av fysisk aktivitet. Særleg formidlar mange at det er behov for meir kompetanse på korleis ein skal handtere barn og unge som har desse "usynlege behova". 

Idrettscampus Bergen (ICB), som Vestland idrettskrets er ein del av, har tatt utfordringa, og gjennom møteplassen "Knutepunktet" er prosjektet "Trygge utøvere" etablert. Her ser dei at problemstillinga er meir enn idretten si åleine - mange av barna og ungdommane som har særskilte behov er nemleg pasientar eller brukarar også i helsetenesta, elevar på skulane i tillegg til deltaking i den frivillige idretten. 

- For at behandlinga vi gjev i kommune- og spesialisthelseteneste skal gje så god effekt som overhovudet råd, er det for oss ei sjølvfølge at idrett og anna frivillig aktivitet også må vere ein del av heilheitsbiletet. Kvardagen til ein pasient føregår jo i stor grad utanfor helseinstitusjonane. Difor er Knutepunktet viktig, og difor starta vi prosjektet Trygge utøvere, seier Lars Peder Bovim, leiar for Energisenteret for barn og unge og prosjektleiar i ICB-Knutepunktet. 

Nettressurs og kursrekke

Førre veke vart nettressursen www.tryggeutovere.no lansert. Her kan m.a trenarar og aktivitetsleiarar i idretten finne konkrete tips og råd til korleis ein i treningskvardagen kan møte utøvarar med blant anna konsentrasjonsvanskar, rus- eller angstproblematikk og eteforstyrringar. På nettsida kan ein òg finne eit oversiktskart over ulike idretts- og aktivitetstilbod i Bergen og omegn, noko som har vore sakna blant foreldre og behandlarar. 

Lanseringa av nettressursen vart ramma inn med ICB-webinaret "Fysisk aktivitet for barn og unge med usynlege behov" 3. november. På programmet stod foredrag med den erfarne trenaren og kroppsøvingslæraren, Geir Bangstad, ein interessant sofaprat rundt problemstillinga barn og unge med "usynlege behov", og til slutt lansering av nettressursen. Webinaret vert òg tilgjengeleg på tryggeutovere.no. 

I tilknytning til nettressursen vert det også lagt til rette for praktiske kurs våren 2021, mellom anna retta mot aktivitetsleiaren. Kursa vil i første omgang gå føre seg på Energisenteret for barn og unge på Haukeland sjukehus, men det vert også lagt opp til at idrettslag eller kommunar kan setje opp tilsvarande kurs lokalt. Her finn du informasjon om kursa på Energisenteret for barn og unge. Påmeldinga er opna, og det er avgrensa med plassar, så ver rask for å sikre deg plass. 

Styrke i samspel

Idrettscampus Bergen er eit klyngesamarbeid mellom åtte store aktørar i Vestland, og har til hensikt å etablere møteplassar for kompetanseutvikling og -formidling. ICB-møteplassen Knutepunktet samlar kompetansepersonar frå Vestland idrettskrets, Vestland fylkeskommune, Bergen kommune og Helse Bergen. Ressursmaterialet på www.tryggeutovere.no er utarbeidd saman med dyktige fagpersonar med særskild kompetanse på sine utvalde tema: Energiteamet PBU i Klinikk Psykisk Helsevern for barn og unge, Geir Bangstad, Ressursorganisasjonen for Spiseforstyrrelser, Way Back og Idrett Bergen Sør.