Leder_Nils R. Sandal_sv.jpg

Styreleiaren har ordet

Første januar 2020 blei Sogn og Fjordane idrettskrins og Hordaland idrettskrets slått saman til Vestland idrettskrets. Idrettskretsen omfattar nå 53 særidrettar og 43 idrettsråd som organiserar 1130 idrettslag og 243 000 medlemskap. Vi har fått ei stor oppgåve med forventningar til styringa av den nest største idrettskretsen i landet etter samanslåinga.

Det vart eit samrøystes vedtak om denne samanslåinga og i det ligg ei forventning om at idretten med sine gode verdiar skal styrke sin posisjon både hjå den enkelte deltakar, fellesskapet, i lokalsamfunna, ei styrka samfunnsrolle. I heile regionen vår.

Dette trur eg vi skal klare ut frå fylgjande moment:

Det har gjennom fleire år vore gjort eit godt arbeid i Hordaland og Sogn og Fjordane Idrettskrets/krins. Vi skal bygge på det beste i dette gjennom vårt arbeid i den nye Vestland Idrettskrets.

Det nye styret er samansett av dyktige personar med ulik bakgrunn og erfaring som dersom vi får det beste ut av kvar enkelt av oss skal dette bli eit godt lag som vil føre idretten framover.

Ved kretsen sine to kontor  i Bergen og Førde arbeider det dyktige, serviceinstilte, motiverte personar som allereie har vist stor samarbeidsvilje på tvers av dei nå utviska fylkesgrensene. Alle desse er ein stor ressurs for idretten i regionen.

Vi har brukt tid dei siste vekene på å legge til rette for eit godt og konstruktivt samarbeid med ikkje minst dei regionale politiske miljøa. Hjå desse møter vi stor interesse.

I vår region står idretten sterkt. Alle vår fantastiske frivillege, alle våre aktive deltakarar i både breidde og topp. Alle våre flotte anlegg (sjølv om vi treng fleire). All den glede, fellesskap og inkludering som idretten skapar i regionen vår.

Med alt dette gode som er nemnt som døme så ligg her mykje positivt til grunn. Dette skal vi utvikle men vi må også vere opne for at her også ligg utfordringar som vi må ta tak i. Dette skal vi i fellesskap også gjere.

     
Nils R Sandal
Styreleiar