nif_hovedlogo_original.jpg

Registrering av tapte inntekter i samband med Corona

For å skaffe ei oversikt over dei økonomiske konsekvensane i idrettslaga har Norges idrettsforbund oppretta ei elektronisk kartlegging der idrettslaga registrerer bortfall av inntekter på kvar månad frå og med februar til og med juni (kan bli utvida).

Denne registreringa er ikkje ein søknad om kompensasjon, men ei kartlegging for at idretten skal få ei best mogeleg oversikt over dei økonomiske tapa idrettslaga har, som følgje av dei tiltaka styresmaktene har sett i verk for å unngå smittespreiing.

Tala som kjem inn frå registreringa er viktige for å kunne synleggjere tapa idretten har overfor styresmaktene slik at tiltaka som blir sett inn derifrå, i form av økonomisk støtte, treff idretten og grasrota best mogeleg.

I registreringa er det først ein rullegardinmeny der ein vel månad. Ein fullfører registreringa for ein månad først og lagrar før ein går tilbake og vel ny månad og lagrar opplysningane for kvar månad ein ønskjer å registrere. Denne registreringa er laga slik at ein kan gå inn og korrigere tala etter at ein har registrert dei fyrste gong, for å oppdatere på kvar månad og siste versjon ein har lagra blir liggande.

Kven kan registrere?
Idrettslaga bestemmer sjølv kven som skal registrere for sin organisasjon. Registreringa er open for idrettslag, gruppe, allidrett, idrettsråd og bedriftsidrett.

I fleiridrettslag kan styret i hovudlaget registrere for heile laget inkludert gruppene, men ein kan også gjere det slik at hovudlaget registrerer sine konsekvensar medan gruppene sjølve legg inn tal på konsekvensane for dei. Det er viktig at styret i hovudlaget sikrar at alle gruppene i laget er kjend med korleis hovudlaget vil organisere registreringa for sitt idrettslag og gjev gruppene informasjon om det. I særidrettslag registrerer styret inn for heile klubben sin aktivitet.

For å ha tilgang til å legge inn data i portalen må ein ha ein av følgjande funksjonar for idrettslag/gruppe:

  • Leiar/adm, styreleiar/dagleg leiar
  • Nestleiar
  • Styremedlem
  • Kasserar
  • Sekretær
  • Org. ansvarleg
  • Medlemsansvarleg

For idrettsråd og bedriftsidrett må ein ha følgjande funksjon for å registrere:

  • Styreleiar/dagleg leiar
  • Org. administrator

Kva kan ein legge inn i kartlegginga?
Det første ein kjem til når ein loggar på registreringa er ein knapp der ein vel om idrettslaget vil registrere berre for hovudlag eller om ein vil gjennomføre registrering også på gruppenivå. Vel ein å registrere på gruppenivå må ein ikkje endre denne innstillinga i etterkant.

Det er fleire felt ein skal fylle ut når ein registrerer og det kan vere greitt å ha sett på tala i budsjett/rekneskap for å ha eit best mogeleg grunnlag når ein legg inn opplysningar. For å danne seg eit godt bilete av kva inntekter/utgifter ein har på arrangementa, kan det vere greitt å sjå på tala frå 2019.

I ein av rubrikkane skal ein kan fylle inn det ein har budsjettert med. Det er viktig at ein fyller inn dette talet slik at tapet ein har skal bli synleg i rapporten, då tapet blir estimert i forhold til budsjett. Dersom ein til dømes berre legg inn det ein har hatt av sparte kostnader etter nedstenginga og ikkje budsjettal og tapte inntekter vil det komme fram at ein har hatt økonomisk overskot på nedstenginga, og det er for dei fleste eit feil bilete av situasjonen.

På hovudlags- og gruppenivå legg ein inn tala for desse punkta for kvar månad:

  • Alle tapte inntekter frå arrangement, som er blitt avlyst, i valt periode
  • Oppsamla kostnadar og kostnadar som ikkje kan refunderast for arrangement som ein har måtte avlyse
  • Budsjetterte kostnadar for arrangement som er avlyste
  • Reduserte driftskostnadar på grunn av stans i aktivitet i forhold til budsjett
  • Estimerte tapte sponsor-/marknadsinntekter
  • Alle andre tapte inntekter utanom arrangement, til dømes: kafè, kiosksalg, dugnadar, utleige e.l (dette skal vere netto tap i perioden)

I tillegg må hovudlaget registrere følgjande for idrettslaget:

  • Totalbudsjett inntekter 2020
  • Budsjetterte medlemskontingentar 2020
  • Budsjetterte treningsavgifter 2020 (alle grupper)
  • Budsjetterte arrangementsinntekter 2020 (alle grupper)
  • Budsjetterte sponsorinntekter 2020 (alle grupper)
  • Talet på lønna årsverk

Til slutt i registreringa blir ein oppfordra om å krysse av kva tiltak ein ser føre seg for å sikre den vidare drifta i situasjonen ein er i akkurat no. Det er viktig å presisere at formålet med denne registreringa er at idrettslaga legg inn estimerte tal, då det sjølvsagt er umogeleg å legge inn eksakte tal på tapte inntekter. Her har ein gjerne tal frå 2019 som kan vere til hjelp for å få eit bra estimat på tapte inntekter.

Dersom ein har spørsmål om registreringa kan ein kontakte NIF Digital support.

 

Ein kan også kontakte Vestland idrettskrets på telefon 55 59 58 00

Vi vil gjere spesielt merksam på at søknad om kompensasjon til no har gått gjennom Lotteri og stiftelsestilsynet og det vil bli sendt ut informasjon frå Idrettsforbundet dersom det kjem fleire tiltakspakkar idrettslaga kan søkje på framover. Denne registreringa er berre ei kartlegging, men ho er viktig for å få ei best mogeleg oversikt over dei økonomiske konsekvensane for idretten som følgje av tiltak styresmaktene har iverksett. Vi oppmodar alle organisasjonsledda om å registrere sine tal i portalen. Du finn meir info om registreringa og side for pålogging på Idrettsforbundet si nettside.