Julehilsen 2020_skog_612x.png

Kjære gode idrettsvener i Vestland

Året 2020 er snart historie. Dette vart eit spesielt år for alle, også oss som er så glade i idrett og det den skapar av glede og fellesskap. Dette gjeld alle våre aktive i alle aldrar, dei mange tusen frivillege eldsjeler som brukar mest all si fritid til å legge til rette for at dei gode verdiane som ligg i idretten skal kunne opplevast av så mange.

Sjølv om pandemien har skapt mange utfordringar for så mange av oss i den store idrettsfamilien også i Vestland, er eg både stolt, imponert og takksam for det ansvar, kreativitet og lojalitet de alle har vist denne krevjande tida. Eg veit at det ofte har vore vanskeleg og også utfordra tolmodet hjå mange av oss men likevel har de alle gjort ein enorm innsats for å redusere skadane av situasjonen så godt de har kunna. De har med dette også redusert dei meir varige utfordingane som vi alle er opptekne av og nervøse for. Eg veit også at bak det imponerande arbeidet som de alle gjer ligg det ei brennande interesse og tru på dei gode verdiane de sjølve legg til grunn og som de så gjerne vil at så mange andre også skal få oppleve.

Eg vil ynskje kvar og ein av dykk ei god og fredeleg jul saman med dykkar neraste og eit godt nyttår med ei von om at vi snart vil kome inn i ein litt meir normal kvardag.

Ta godt vare på kvarandre.

Med venleg helsing
Nils R Sandal
Styreleiar i Vestland Idrettskrets