_63A6532.png

Barne- og ungdomsidretten er eit viktig samfunnsbidrag, også i koronatida

Vestland idrettskrets ved styreleiar Nils R. Sandal har sendt eit brev til alle ordførarane i Vestland fylke med kopi til alle idrettsråda.

Utviklinga i smitteførekomsten dei siste vekene har ført samfunnet inn i ei svært utfordrande tid. Alle må bidra i den samfunnsdugnaden som det no vert lagt opp til. Som ein sentral samfunnsaktør ynskjer idretten å vere tydeleg på at vi skal vise nødvendig ansvar også i denne krevjande situasjonen. 

Idretten er ein viktig del av barn og unge sitt oppvekstmiljø, og ein kraftfull aktør i eit levande lokalsamfunn. Vi håpar derfor at barne- og ungdomsidretten kan haldast mest mogleg i gang i tråd med myndigheitene si prioritering den komande tida, innanfor gjeldande smittevernreglar. Å halde barne- og ungdomsidretten i gang vil bety mykje i eit folkehelseperspektiv.

Vi legg ved eit brev frå idrettspresident Berit Kjøll. Brevet er stila til ordførarar i alle kommunane i landet.


Mvh
Nils R. Sandal
Styreleiar Vestland idrettskrets