Barneidrettstrenaren

Er du ny i trenarrolla og føler deg usikker på korleis du skal organisere trening for barn? Eller ønsker du ei oppdatering, inspirasjon og nye tips? Då er dette kurset for deg!

På dette kurset lærer du meir om korleis ein legg til rette aktivitet slik at barna opplever glede, tryggheit og meistring medan dei leikar seg inn i idretten!

Målgruppe: Trenarar for barn i alderen 6-12 år i den frivillige idretten, eller aktivitetsleiarar i barnehage, skulefritidsordning eller skule. Nedre aldersgrense for deltakar er 14 år. 

Kurs i Loen hausten 2021. Engasjerte deltakarar! Foto: Synne Aafedt Liljedahl, Vestland idrettskrets

 

Modul 0 (før kursstart, obligatorisk): 

Modul 1: Trygge rammer 2 timar
Barneidrettstrenaren skal lære å leie barn i trygge læringsmiljø, der det er aktivitetsglede, innsats og meistring.

  • Kva kjenneteiknar god barneidrett, verdigrunnlaget og idretten sine barnerettar
  • Kva som er meint med trygg aktivitet og trygt miljø. 
  • Kunne gjennomføre idrettsaktivitetar slik at risikoen for å oppleve utrygge situasjonar vert redusert

Modul 2: Relasjon 2 timar
Deltakar skal få kunnskap om kvifor det er viktig at barneidrettstrenaren har ein god relasjon til barna og betydninga det har for samhald, tillit og læring.

  • Kva er meint med ein god relasjon og viktigheita av eit godt samarbeid 

Modul 3: Meistringsmiljø 3 timar
Deltakar skal vere bevisst eigne forvetningar til det å vere barneidrettstrenar, idrettslaget og barna sine forventningar. Deltakar skal vite korleis og kvifor det er viktig å skape meistringsklima på trening og konkurransar

  • Vite kva som er det viktigaste ein trenar må ta omsyn til når ein trenar barn og unge, herunder undervisningsmetodar og kommunikasjon

Modul 4: Aldersrelatert og tilpassa trening, 2 timar. Treningsplanlegging 1 time
Barneidrettstrenaren skal lære å legge til rette for trening som er tilpassa barnet sine føresetnader fysisk, motorisk, emosjonelt, kognitivt og sosialt.

  • Kjenne til bakgrunnen for variasjonar i vekst, modning og utvikling
  • Vite kva som er meint med grunnleggande ferdigheiter, og kva du må ta omsyn til når du planlegger ei økt

Modul 5: Praktisk planlegging og gjennomføring av økt, 4 timar
Deltakar skal gjennomføre ei økt for barn som vektlegg kva, kvifor og korleis. Deltakar skal bruke teorien i praksis, og vere bevisst kva barna skal lære under økta. Deltakar skal ta omsyn til sikkerheit, og vite korleis ein handterer enkle idrettsskadar. 

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere hensiktsmessige aktivitetar i variert miljø, som utviklar heile mennesket

Modul 6: Deg og dine utøvarar, 1 time

  • Gjenkjenne styrkar og utviklingsområde hos deg og utøvarane dine

Ordinær pris per deltakar kr. 750,-.

Prisen kan variere etter korleis kurset blir organisert, slik at det er pris på invitasjon til det enkelte kurset som gjeld.

Prisen inkluderer boka "Barneidrettstreneren" og eit idéhefte for aktivitet.

Ved forfall som blir meldt etter påmeldingsfrist, blir ein fakturert for halve kursavgifta. 

Det er påmelding via Min idrett til alle kurs. 

På kurs i samarbeid med idrettslag, vil alle få opplyst/tilsendt lenke for påmelding. 

For alle opne kurs: Følg med i kurskalenderen vår for oversikt på kurs som er opne for påmelding 

Praktisk gjennomføring:
Kurset har ei ramme på totalt 14 timar med trenarutviklar frå idrettskretsen. Kurset kan gjennomførast modulbasert over fleire kveldar/økter, eller samanhengande til dømes laurdag og søndag. Kurset sine fellesemner (10 timar, modul 1-4) kan gjennomførast med fysisk oppmøte eller digitalt. Praktisk del (4t) gjennomførast alltid med fysisk oppmøte.

  • Idrettslaget tek kontakt med idrettskretsen ved interesse og avtalar tid og stad for gjennomføring, eller: 
  • Du melder deg på eitt av idrettskretsen sine opne barneidrettstrenarkurs (sjå kalender for neste kurs)

Lokale:
Ved interne kurs i idrettslaget er fint om ein kan disponere eit møte-/klasserom og ein gymsal eller eigna uteområde, men her kan ein også finne fleksible løysingar. Ved opne kurs finn Idrettskretsen kurslokale.

Praktisk informasjon:
Deltakar må stille med kle som passar til aktivitet, og er sjølv ansvarleg for å ta med mat, drikke og skrivesaker etter eige behov. 

Følg også med i kalenderen vår for allereie avtalte kurs som er opne for påmelding. 

Nedre aldersgrense:
14 år

E-læring/forarbeid:
Alle deltakarar må gjennomføre følgande for å få godkjent kurset: 

  • Trenerattest barn (krev innlogging med Min idrett/Idrettens ID). Gjennomføring ca 30 minutt.

Oppmøte:
Gjennomføre minst 80 % av kurset. Fråvær på ein heil modul vil ikkje gi godkjent kurs. 

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag

Grethe Hillestad
Grethe Hillestad
Rådgiver