På dette kurset lærer du meir om korleis du organiserer ein trygg og god barneidrett, ved at barna opplever meistring, trivsel og samhald - samtidig som dei leikar seg inn i idretten. Kurset er grunnleggande og fellesidrettsleg, og kvalifiserer som start på mange idrettar si trenarløype.
Tidsskjema:
- Torsdag 26. februar kl. 19-21, digital modul 1
- Fredag 6. mars kl. 17-21 (modul 2-3), oppmøte
- Laurdag 7. mars kl. 9-18 (modul 4-6), oppmøte
Stad:
- Sogndal (oppmøtestad vert oppdatert)
Forarbeid:
- Trenarattest for barn (obligatorisk)
Praktisk informasjon:
- Første kurskveld er digital, og alle påmeldte vil få tilsendt lenke til digitalt kurs
- Kurset kombinerer teori, gruppearbeid og praktisk øving på aktivitet. I modul fem øver alle på å instruere på delar av ei økt.
- Ta på/med kle/sko som passar til aktivitet inne, samt skrivesaker, mat og drikke etter eige behov
- Kurset gir kompetansen Barneidrettstrenar (les meir om kurset, krav til deltaking og innhald på lenka lenger ned)
Pris:
- Kr. 750,- per deltakar (om ikkje anna er avtalt, sjekk med idrettslaget ditt om dei dekker kurset for deg). Faktura blir sendt i etterkant av kurset.
- Pris inkluderer boka Barneidrettstrenaren og idéhefte til aktivitetar
Kurshaldar:
- Synne Aafedt Liljedahl, Vestland idrettskrets