Illustrasjonsfoto fra kampanjen Start to talk.

Vedlikehold din profil

Du har kun ÉIN brukerprofil hos norsk idrett. Vi anbefaler at du med jamne mellomrom sjekker at informasjonen er riktig og oppdaterer eventuell utdatert informasjon.

Alle styremedlemane må ha ein brukar på Min Idrett
For at det skal vere mogleg for leiar å legge inn nye styremedlemar i KlubbAdmin, må alle ha laga ein profil på Min Idrett og verifisert seg med personnummer. Har dei ikkje ei profil kan dei opprette den på Min Idrett.

Oppdatere styre og leiing i KlubbAdmin
Det er idrettslaget sitt ansvar å sjå til at opplysningar i idretten sin database er oppdatert. Alle org.ledd i NIF sender ut viktig informasjon om tilskotsordningar osv. til dei kontaktane som ligg registrert på idrettslaget der. Dette må gjerast i KlubbAdmin under fana "Organisasjon".

Sende inn endringar til Brønnøysundregistrene
Leiar av idrettslaget må sende inn endringsmelding til Brønnøysundregistrene. Dette vert gjort i KlubbAdmin under fana «Brønnøysundregistrene».

Ein kan gjere dei same endringane i SportsAdmin, dei ulike systema oppdaterer kvarandre.

Oppdatere info og kontaktar på idrettslaget si nettside
Hugs å endre kontaktinfo dersom lagleiarar, styremedlemar og andre ressurspersonar har blitt bytta ut.

Klubbens styrearbeid i praksis
Dersom det er mange nye styremedlemar, kan det vere nyttig å ta eit 3-4-timars kurs i korleis styrearbeidet skal gjerast. Idrettskretsen kjem til idrettslaget og held kurset. Her ser de meir informasjon om kurset.