Vestland idrettskrets si målsetjing:
Idretten skal bidra til å skape gode ferieminner for barn og ungdom, med idrettsglede, positiv meistringsfølelse og vennskap i fokus.
Kven kan søke:
Idrettslag i Vestland
Målgruppe:
Barn og ungdom i alderen 6-19 år, med ekstra vekt på dei som ikkje er aktive i idrett frå før og sårbare grupper (til dømes personar i låginntektsfamiliar).
Kva kan idrettslaget søke på?
Idrettslag kan søke på midlar til gjennomføring av idrettsaktivitet i feriar og planleggingsdagar.
Døme:
Instruktørhonorar, leige av hall. Utstyr kan søkast på dersom det er nødvendig for å gjennomføre tiltaket. Idrettslaget kan også få tildelt midlar til frikjøp av plassar på eksisterande ferieaktivitet.
Kriterium:
- Tiltaket må innehalde minimum tre ulike idrettar/aktivitetar
- Tiltaket må gjennomførast i løpet av 2025
- Vi oppfordrar til samarbeid med andre idrettslag og/eller andre frivillige organisasjonar
- Merk at det ikkje vert gjeve støtte til ordinær drift
Tilgjengeleg sum til fordeling: kr. 200 000
Maks tildeling per idrettslag: kr. 25 000
Kontaktperson: Helene Fraas, Vestland idrettskrets