Våre tenester omfattar:
- Løpande bokføring
- Betaling
- Fakturering
- Løn, skatt og arbeidsgjevaravgift
- Meirverdiavgift
- Rapportering
- Rådgiving og rettleiing i økonomiske spørsmål og regelverk
Vi kan òg bistå med:
- Budsjettarbeid
- Økonomistyring
- Momskompensasjon
- Integrasjonar mot rekneskapssystem
Dersom de ønskjer å gjere delar av arbeidet sjølve, tilpassar vi løysinga slik at de får akkurat den støtta de treng.
Kvifor velje oss?
Vi er no eit team på 3,2 årsverk med brei erfaring frå idretten og frivilligheita. Vi har lang erfaring med rekneskapsføring for både små og store idrettslag, og har god kjennskap til og løysingar på dei spesielle reglane som gjeld for idretten.
Hos oss får de ein samarbeidspartnar som:
- Forstår idretten: Vi kjenner både organiseringa og behova i eit idrettslag, og kan skreddarsy tenestene deretter.
- Har solid kompetanse innan både idrett og økonomi
- Personleg oppfølging: De får ein dedikert rekneskapsførar som blir kjend med laget dykkar og kan gi råd undervegs.
- Fleksible løysingar: Vi kan tilpasse samarbeidet etter kor mykje de ønskjer å gjere sjølve.
- Effektivitet og føreseielegheit: Vi brukar moderne system og faste rutinar som gir oversikt og kontroll.
- Er ein fagleg sparringspartnar med oppdatert kunnskap om gjeldande lover og reglar
- Tilbyr rekneskapstenester til sjølvkost og fakturerer utan mva
Moderne løysingar og enklare kvardag
Vi nyttar Tripletex, eit skybasert rekneskapssystem som samlar alt på eitt stad.
Systemet gir både dykk og oss full oversikt og enkel tilgang til all rekneskapsinformasjon, uansett kvar de er.
Via app eller nettlesar kan de mellom anna handtere:
- Opplasting av bilag
- Timeføring
- Reiserekningar og utlegg
- Lønnsslippar
- Attestering av fakturaer
- Godkjenne betalingar
Alle betalingar skjer via bankintegrasjon, slik at vi alltid sikrar korrekt dokumentasjon før utbetaling. Dette gir full tryggleik og reduserer risikoen for feil og ekstraarbeid.
Vi kan òg hjelpe med å setje opp integrasjonar mot Tripletex, slik at systemet fungerer sømlaust saman med andre løysingar de brukar. På den måten får de eit meir effektivt og tilpassa oppsett for idrettslaget.
For dykk betyr dette:
- Ei heilskapleg digital løysing som gir god flyt i rekneskapsarbeidet og fordeler arbeidet gjennom året
- Mindre manuelt arbeid
- Rekneskapsdata og status tilgjengeleg i sanntid
- Jamnleg avstemming av rekneskapen, månadleg eller annakvar månad etter avtale, med oppdaterte tal og rapportar
- Moglegheit for prosjekt- og avdelingsrekneskap, som gir detaljert oversikt over økonomien for ulike lag, arrangement og prosjekt. Det gir mellom anna moglegheit for å hente ut rapportar for laga, hovudlaget og klubben samla.
Ta kontakt
Vil du vite meir eller få eit prisestimat?
Ta kontakt med Emilie Leirvik for ein hyggeleg og uforpliktande prat om korleis vi kan hjelpe ditt idrettslag.
Nokre kommentarar frå idrettslaga vi samarbeider med i dag:
- Idrettslaga vel sjølve kor mykje eller lite dei ønskjer å gjere (etter behov).
- Prisestimat? Kva tenester er gratis / betalte? Gir lågare rekneskapsutgifter – låg timepris og vi fakturerer utan mva.
- Sende ut spørjeundersøking som omhandlar korleis eller kvar idrettslaga fekk informasjon om tenesta vi tilbyr, evt. om dei er nøgde / ser forbetringspotensial.