Foto: Randi Marie Farnes
Foto: Randi Marie Farnes

Statsminister Jonas Gahr Støre og kulturminister Lubna Jaffery på besøk hos Nymark IL

Styreleiar i Nymark IL, Solveig Hagman, har vore i vervet i over 30 år. Eldsjeler som henne er grunnen til at norsk idrett går rundt, og kan spela ei heilt sentral samfunnsrolle. Difor var det ekstra hyggeleg at statsminister Jonas Gahr Støre og kulturminister Lubna Jaffery tok turen til Nymark og hadde med seg gode nyheiter for momskompensasjonsordninga.

Dei tre siste åra har alle som søker fått tilbakebetalt alt dei har søkt om. Slik blir det også neste år ifølge Støre. For å kunne ta vare på både eldsjeler og aktivitet må kvardagen for desse være føreseieleg. Vestland idrettskrets jobbar framleis for ei regelstyrt momskompensasjonsordning, men dette er eit viktig steg i riktig retning. Ordninga treff breidt, og er like relevant for store som små idrettslag.

Solveig Hagman og Randi_red_foto Randi Marie Farnes.jpgSolveig Hagman i Nymark IL sammen med Randi Marie B. Farnes organisasjonssjef i Vestland idrettskrets

Jonas Gahr Støre _foto Randi Marie Farnes.jpg

Jonas Gahr Støre og Lubna Jaffery 1_foto Randi Marie Farnes.jpg