Foto: Privat
Foto: Privat

Ola Rognebakke er tilsett som rådgjevar organisasjonsutvikling i Vestland idrettskrets

Kontorstad for stillinga er i Førde, og Ola startar i jobben 18. august. Oppgåvene vil blant anna vere å fylgje opp og bidra til utvikling av idrettslag og idrettsråd.

Ola har ein sterk fagleg bakgrunn, med bachelor i sport management og master i kultur og samfunn frå Norges idrettshøgskule. I tillegg har han også praktisk pedagogisk utdanning frå NIH og årsstudium i samfunnsfag frå Høgskulen på Vestlandet.

Rognebakke er 27 år, oppvaksen i Naustdal, og kjem no frå ei stilling som Aktivitetskoordinator ved Sunnfjord friskliv- og frivilligsenter . Han har variert bakgrunn frå idrettsorganisasjonen, gjennom roller som aktiv utøvar, trenar og tillitsverv i styret i idrettslag.  Ola er i dag aktiv utøvar i fotball og spelar fast på Førde IL i 3. divisjon.

Vi er veldig glade for å ha fått Ola med på laget og ser fram til at han tek til i jobben i august.