Sitatet kjem frå styreleiar i Stryn Turn og Idrettslag, Siri Linn Opsahl, som er initiativtakar til eit nystarta prosjekt der idrettslaget og kommunen samarbeider om gjennomføring av kurset Barneidrettstrenaren.
Prosjektet, som er i startgropa, går ut på at trenarkurset skal inn som ein del av valfaget Fysisk aktivitet og helse på begge ungdomsskulane i kommunen. Kurset skal gjennomførast for 10. klassingane i skuletida, og så får ungdommane praksis som aktivitetsleiarar på til dømes Stryn T og IL sitt allidrettstilbod på ettermiddagane.
Frå kurs til praksis
Denne gongen var det elevar frå 10. klasse på Stryn ungdomsskule som deltok. Fleire av dei skal no gå rett i gang med å vere aktivitetsleiarar på idrettslaget sin sommarcamp for barn.
Opsahl ivrar for at ungdom skal sleppe til som aktivitetsleiarar, og rosar kompetansen som elevane får med seg frå kurset:
- Ungdommane får med seg ei solid erfaring med å organisere og leie andre, og dei styrkar relasjonskompetansen sin, formidlar Opsahl. Det er ikkje berre viktig her og no, men noko dei tar med seg vidare i livet og som kan vere nyttig å ha med på CV'en når dei skal søkje jobb seinare.
I tillegg får idrettslaget utvikla ein berekraftig modell for allidrettstilbodet, ved at ungdommane som tek kurset er med og tar ansvar for allidrettstilbodet på ettermiddagen, forklarar Opsahl.
Om kurset
Kurset Barneidrettstrenaren er det vi kallar for "fellesidrettsleg" og tek nettopp føre seg korleis ein skapar trygge rammer i barneidretten og kor viktig det er å skape gode relasjonar og legge til rette for eit meistringsmiljø for alle som er med på aktiviteten. Ein lærer òg om organisering av aktiviteten og ulike undervisningsprinsipp, samt om korleis barn utviklar seg og modnast. Øving på planlegging og leiing av ei økt og praktisk aktivitet står også sentralt i kurset.
Foto: Siri Linn Opsahl
Kurset i Stryn vart leia av Vestland idrettskrets sin trenarutviklar, Maria Dalsbø, saman med Siri Linn Opsahl frå Stryn Turn og idrettslag. Vestland idrettskrets takkar Stryn Turn og idrettslag for samarbeidet og ynskjer lukke til vidare med prosjektet!