2025 har vore eit godt idrettsår i Vestland, og vi vil spesielt trekke fram to store internasjonale meisterskap. EM U23 i friidrett, gjennomført i tropevarme i Bergen, og VM i vektløfting i Førde – den minste byen med det største hjartet. Desse arrangementa la ikkje berre til rette for sterke prestasjonar, dei viste også kor solid frivilligheita står i Vestland. Med stort engasjement og godt samspel mellom idretten, det offentlige, næringslivet og lokalsamfunnet , er det mogleg å få til det mest utrulege. Slike meisterskap betyr mykje, både for idretten og for Vestland som region, og vi er stolte av det de har fått til.
Det er lett å bli imponert av dei store arrangementa. Men den viktigaste jobben i idretten blir gjort i kvardagen. Av dei frivillige. Av dykk som møter opp når det regnar, som ser den som står litt utanfor, og som skaper trygge fellesskap der barn, unge og vaksne får ein plass å høyre til.
Gjennom idretten skaper de møteplassar prega av meistring, tilhøyrsle og livsglede – over heile Vestland. I ei tid der fellesskap ikkje kan takast for gitt, er dette viktigare enn nokon gong.
Vi veit at frivillig innsats krev både tid, prioriteringar og engasjement. Difor er vi ekstra takksame for at de vel å bruke av dykk sjølve for fellesskapet. De er grunnen til at idretten framleis står sterkt og til at han betyr så mykje for så mange.
Vi er stolte av å vere ein del av denne idrettsfamilien saman med dykk, og vi gler oss til å fortsette arbeidet side om side i åra som kjem.
Tusen takk for innsatsen i 2025.
God jul og eit godt nytt idrettsår!
Med venleg helsing
Konstituert styreleiar og organisasjonssjef
Vestland idrettskrets