Idrettskretsen på klubbesøk hos Sandane Turn og IL.  Fv. Roger Aa Djupvik, Maria Dalsbø, Anders Gimmestad Gule  (alle frå STIL), Ola Rognebakke og Bodil Ryste (Vestland idrettskrets). Foto: Vestland idrettskrets.
Idrettskretsen på klubbesøk hos Sandane Turn og IL. Fv. Roger Aa Djupvik, Maria Dalsbø, Anders Gimmestad Gule (alle frå STIL), Ola Rognebakke og Bodil Ryste (Vestland idrettskrets). Foto: Vestland idrettskrets.

Innhaldsrikt klubbesøk hos Sandane Turn og Idrettslag

Eit kjekt og lærerikt klubbesøk er gjennomført hos Sandane Turn og idrettslag. Innblikk i idrettslaget, faglege diskusjonar og omvising på nokre av idrettsanlegga deira stod sentralt i besøket.

Vestland idrettskrets var torsdag 4. september på eit hyggeleg klubbesøk hos Sandane Turn og Idrettslag (STIL). Dagleg leiar, styreleiar og nestleiar i hovudlaget gav først ein fin gjennomgang av historia, organiseringa og medlemstala til idrettslaget. Etter kvart fekk vi innblikk i nokre av STIL sine utfordringar og behov, og korleis idrettslaget jobbar med desse. Det er tydeleg at organisasjonsutvikling står i fokus hos Sandane Turn og Idrettslag! Vi fekk òg innspel frå idrettslaget til korleis vi i idrettskretsen kan støtte dei best mogleg i deira kvardag. 

Den siste delen av klubbesøket gjekk med til omvising på nokre av STIL sine flotte idrettsanlegg. Først fekk vi sjå nærmare på fasilitetane ved Sandane idrettspark. Der fekk vi samstundes sjå nærmare på gjennomføring av Idrettsfritidsordninga (IFO), som STIL er ein del av på Sandane. Avslutningsvis gjekk turen til Trivselshagen, som blant anna inneheld fleirbrukshall, symjebasseng og turnhall.  

Vi takkar Sandane Turn og Idrettslag så mykje for at vi fekk kome på besøk – vi kjem gjerne igjen!   

Idrettskretsen har auka kapasitet til å gjennomføre klubbesøk, og ta gjerne kontakt om din klubb ynskjer eit besøk. Sjå meir her.