Illustrasjon
Kronikk signert av konstituert styreleiar i Vestland idrettskrets Tone Stavland og Idrettspresident Zaineb Al-Samarai

Foreldra si lommebok skal ikkje avgjere barn og unge sine moglegheiter i Vestland

Nesten 100 000 barn i Noreg, eller om lag eitt av ti barn, lever i vedvarande fattigdom. Det betyr at mange av haustens skulebarn ikkje får starte likt på startstreken saman med skulekameratane sine. Og mange blir ståande på utsida og kikkar inn. Dersom alle barn og unge skal få moglegheit til å delta i fritidsaktivitet, må vi ha politikk som verkar, og vi treng modige politikarar.

I år mottok heile 450 idrettslag i Vestland 8,4 millionar kroner i støtte over statsbudsjettet for å sikre at fleire barn og unge skal kunne delta i idretten uavhengig av familien sin økonomi. Desse pengane må vidareførast, og bli ein fast post på statsbudsjettet. 

At barn og unge er aktive i idrett, har openberre gevinstar. For barna kan det å få delta i idretten vere skilnaden på ein barndom på innsida og på utsida av deira viktigaste eventyr: Sjølve livet! 

Men det er òg viktig for samfunnet. Ein ny rapport frå BUFDIR har rekna ut samfunnsgevinsten av at 7000 fleire barn frå låginntektsfamiliar deltek i fritidsaktivitetar, til 1,5 milliardar kroner. Og gevinsten er endå større om barna vel fritidsaktivitetar der ein er fysisk aktiv. 

Så korleis kan vi sikre at fleire blir med? Og at dei som er med, blir med lenger? 

Først og fremst er vi avhengige av hundretusenvis av frivillige. Dei skal ha ein enorm takk for all innsatsen dei gjer. Men det er avgrensa kva dei frivillige kan gjere utan gode og føreseielege rammevilkår. 

Dei to siste åra har regjeringa til saman løyvd 200 millionar kroner over statsbudsjettet for at økonomi ikkje skal vere ein barriere for å delta i idrett. Resultata har ikkje latt vente på seg: Idrettslaga i Vestland som har mottatt denne støtta, fortel at nettopp desse konkrete midlane har gjort det mogleg å få med barn som elles ikkje hadde kunna vere med. Dette er politikk som verkar! 

For den einskilde betyr dette fleire vener, meir meistring og ikkje minst ein uvurderleg tilhøyrsle. For samfunnet betyr dette sterkare og meir levande lokalsamfunn. 

Idretten set umåteleg stor pris på desse midlane og har difor eit sterkt ynskje om at midlane ikkje berre blir vidareførte, men at dei blir gjorde til ein fast post på statsbudsjettet. Dersom midlane ikkje blir vidareførte, kan vi risikere at barn og unge må slutte i idretten og at idrettslaga ikkje kan oppretthalde og vidareutvikle aktivitetstilboda. Det går ut over dei mest sårbare barna. 

Idretten klarar ikkje å fange opp alle som ikkje deltek. Midlane over statsbudsjettet gjer det mogleg for idrettslaga å nå ut til fleire barn i sitt lokalmiljø. Samstundes vil ikkje midlane dekkje alle behov. Difor meiner vi at NAV òg må registrere barn og unge som ynskjer å delta i idretten, og ha eit tettare samarbeid med idrettslaga. Til dømes kan NAV dekkje kontingent og andre kostnader for barn i familiar som mottar økonomisk sosialhjelp, ved å overføre midlar direkte til idrettslaget. 

At nokre barn ikkje får delta i idrett på grunn av økonomien til foreldra, er ikkje berre eit sosialt problem, det er eit politisk ansvar. Vi i idretten skal gjere vårt. Men for å lukkast treng vi støttespelarar frå alle politiske parti. 

Dei treng ikkje alltid finne på noko nytt. Nokre gonger er den beste støtta å bevare og styrkje ordningar som allereie fungerer. 

Det håpar vi stortingskandidatane frå Vestland hugsar når dei nå er valde inn.